Grimstad Målungdom er skipa

Førre torsdag kom det førebels nyaste skotet på NMU-stammen til verda, då Grimstad Målungdom vart skipa. I front for det nye laget står leiar Jørgen Vik (16), som også var initiativtakaren til lagsskipinga. Me ynskjer Grimstad-gjengen hjarteleg velkomne til nynorskens skog! 🙂

Eit lite gruppefoto frå oppstartsmøtet. Foto: Vebjørn Sture

Smil til nynorsken, og nynorsken smiler til deg

I eit innlegg på Magasinett skildrar Anita Svendheim eit nynorsk redslekaos, der frykta for å verta utsletta er i ferd med å verta eit sjølvoppfyllande mantra mellom nynorskentusiastar. Slik opplever ikkje eg det.

Lat meg aller fyrst seia at eg – naturlegvis – har stor respekt for at Svendheim opplever nynorskverda litt annleis enn meg, og at eg naturlegvis tek erfaringane hennar på fullt alvor. Er det ein ting eg har lært etter nokre år som organisasjonssentralist, så er det at verda kan opplevast ganske annleis inne i Oslo-bobla enn utanfor. Så eg tviler ikkje eit sekund på at Svendheim har følt bokmålsfrykta i augo på foreldre, norsklærarar eller kven det måtte vera.

Men nettopp for å ta Svendheim sine oppfordringar på direkten, så kjenner eg ein sterk trong til å bidra med litt inspirasjon og positivitet. For etter sju år som aktiv målungdom – både i lokalleddet og i sentralstyret – har eg heilt andre opplevingar enn Svendheim.

Gjennom sju år i Målungdommen kan eg knappast hugsa å ha møtt noko som liknar den nynorskangsten Svendheim skildrar. Tvert om: I staden for å diskutera kor vidt nynorsken vil døy ut eller ikkje, diskuterer me kor vidt me skal gjera nynorsk til einaste riksmål eller om me skal «nøya oss» med ein 50/50-situasjon. Kanskje er ingen av delane så realistisk i eit femårsperspektiv, men det seier noko om kva slags positivitet som rår grunnen mellom unge nynorskentusiastar. Og det finst mange fleire døme:

I staden for å heidra finkulturelle nynorsksnobbar, har me delt ut Dialektprisen til føredøme med ikkje akkurat finkulturell appell, som til dømes Are og Odin, Eli Kari Gjengedal og Lars Vaular. I staden for å hiva oss på den språklege skitkastinga mot Paradise Hotel – som fekk mykje negativ omtale frå både bokmåls– og nynorskhald – gjekk me høgt ut i pressa for å rosa Paradise-gjengen for å visa fram eit fargerikt og levande dialektmangfald. Og no i dag, i staden for å tolka Kulturdepartementet sitt ynske om obligatorisk filmteksting “på norsk” som om det var ei innføring av eit nytt bokmålsdomene, føreslår me i staden at dei kan presisera at teksting på norsk inneber teksting på både nynorsk og bokmål, sidan filmteksting uansett har vorte veldig billig etter at kinoane vart digitaliserte.

Så: Poenget mitt er ikkje at Svendheim nødvendigvis tek feil. Men når ein skal ropa varsko er det ofte lurt å vera litt varsam. Påstandar om at «nynorskentusiastane har gjort nynorsken skummel og avansert» og at nynorsken primært «rommar artiklar og tekstar om litteratur og bygdehistorie», er jo ikkje akkurat med på å teikna eit inspirerande bilete av nynorsken? Eller dyrka inspirasjon og språkglede?

Visst skal me seia i frå når det trengst, og det er eg takksam for at Anita Svendheim gjer. Mitt personlege bidrag i denne omgangen får vera å spreia litt nynorskglede ved å svara på eit av spørsmåla Svendheim stiller: Sist gong eg las ein nynorskartikkel om tippeligaen var i dag føremiddag, då nrk.no fleska til med overskrifta «Strømsgodset sikra seg toppscorar». Jommen smiler nynorsken til oss på den fronten òg! 🙂

Ein litt annleis bursdag

I dag, 3. august, er det 50 år sidan Norsk Målungdom vart skipa. I utgangspunktet tenkte me å markera 50-årsdagen med eit realt lurveleven av aksjonar, kake, fest og moro. Men av grunnar som de alle kjenner til, er stemninga både i organisasjonen og samfunnet elles framleis nokså dempa, og det kjentest ikkje rett å gjennomføra feiringa nett slik me tenkte før sumaren.

Så då gjer me det litt annleis. Jubileumsdagen i dag brukar me til å markera engasjementet og samhaldet på tvers av ungdomsorganisasjonane. Difor samlar me oss til ei lita markering på Teaterplassen i Oslo, rett utanfor Skrivarstova, klokka 15 i ettermiddag. Der legg me ned litt blomar, seier nokre ord, og så set me oss ned på Oslo Mek for triveleg lag og sosialt samvere etterpå.

Alle er velkomne, målungdom eller ikkje, unge og vaksne. Du kan gjerne ta med ein ven eller ein blome, men du er naturlegvis like velkomen utan – me samlar oss fyrst og fremst for å treffast, minnast dei som er borte og heidra minnet deira med å knyta nye band på tvers av hjartesaker og organisasjonsgrenser.

Vel møtt.

Naturfagsordlista

Bror-Magnus Sviland Strand, Eva Holthe Enoksen, Kristian Weibye og eg har slått oss saman om prosjektet med å laga ei naturfagsordliste som skal dekkja biologi, kjemi og fysikk på bachelornivå. Me hadde vårt fyrste nemndsmøte i sentralstyrebilen (“Kursk”) på veg heim frå sumarleir sundag ettermiddag, og er alt godt i gang med alle vala og førebuingane som skal til før me kan starta arbeidet med sjølve ordhandsaminga. Med på laget har me Odin Hørthe Omdal som skal utvikla mjukvare til arbeidet.

Du kan fylgja arbeidet vårt på ordlistebloggen: http://ord.nynorsk.no/

Me har i utgangspunktet sett føre oss at arbeidet skal vara i eit og eit halvt år. Fram mot jol 2011 skal me laga ei pilotordliste med dei mest sentrale orda frå fagfelta, og få attendemeldingar på denne til det vidare arbeidet. Me vert glade for alle som vil engasjera seg i arbeidet på den eine eller andre måten. Du kan starta med å leggja att ein kommentar på bloggen vår!

Naturfagsordlistegjengen: Maria Svendsen, Bror-Magnus Sviland Strand, Eva Holthe Enoksen, Kristian Weibye.

Opplading til sumarleir, #7

No er det mindre enn tre dagar igjen til sumarleiren, og oppladingsserien nærmar seg såleis slutten. Med mindre eg snublar over eit knakande godt bilete i morgon eller på måndag, kan de vel nesten rekna dette som sjølve kulminasjonen av biletoppladinga vår. Og kven skal få æra av å pryda det sjuande oppladingsbiletet? Jau, det skal tidlegare NMU-leiar Sigbjørn Hjelmbrekke, eller Siggen-piggen, som han heiter mellom vener.

Grunnen er ganske enkel: Trass i at det er seks år sidan han gjekk av som leiar, går det framleis gjetord om den nært legendariske vegarbeidarjakka som Sigbjørn ynda å kle seg i. Kva som var lekrast av den blå-oransje fargekomboen eller dei breie refleksstripene får vera opp til kvar enkelt å vurdera, men det gjorde seg no i alle fall ekstra godt i møte med omverda, når føremålet var å synleggjera organisasjonen … Som til dømes på biletet under, henta frå ein aksjon under sumarleiren i Sandefjord i 2004.

Ville du teke i mot eit flygeblad frå denne mannen? Sjølvsagt ville du det! Frå venstre: Tidl. landsstyremedlem Veslemøy Oma, tidl. leiar Sigbjørn Hjelmbrekke og tidl. landsstyremedlem og gitarist Erling Lorentsen Sogge. Legg serleg merke til korleis Siggen kombinerer fengselssveis, sidelommebukse og tøflar med sokk i på sedvanleg moterett vis. Foto: Synnøve Midtbø Myking

Opplading til sumarleir, #6

Trufaste lesarar har kanskje rekna seg fram til at me har vore – reint fotografisk – innom fem sumarleirar til no i oppladingsføljetongen. Denne gongen skal me sjå litt på oppladinga til ein sumarleir, nemleg ein heller kreativ måte å fotoblesta sumarleiren i 2005 på. Me kan vel ikkje anna enn å kalla resultatet godt over middels innbydande, trass i at skautet får Unn til å sjå ut som om ho var godt over 23 år gamal. Men hey – det var ho jo* … 😉

Uan-Z: Bodskapen er like gyldig som alltid. Kom på sumarleir!

Tre dåverande sentralistar lokkar ungdommen over svenskegrensa med farga papir, kunstnarisk tilsnitta bokstavar og komplimentært sjarmerande smil. Frå venstre sentralstyremedlem Vegard Foseide, påtroppande leiar Synnøve Midtbø Myking og skrivar Unn Catodotter Fyllingsnes.

 

 

Opplading til sumarleir, #5

Melodikappleiken. Det er kva me kallar han, den årlege NMU-varianten av eit slags miniatyr-granprix. Der er eit forunderleg sus over nettopp det namnet, og mindre vert det ikkje av å høyra røynde NMU-arar mimra tilbake til melodikappleikar på sumarleirar som har vore. Men samstundes er det også litt misvisande:

Kappleik er for så vidt greitt nok. Det er ein slags kappleik. Ein mangfaldig bukett av sumarleirdeltakarar stiller opp med sine respektive, ofte skrint førebudde bidrag. Dei syng med den nebben dei har, ein gong i mellom er det også nokre som vågar seg utpå med litt hurtig innøvd (og tilsvarande lite synkron) koreografi, og dei som har greie på det tek gjerne med seg gitaren opp på scena.

Men melodikappleik? Greia er at – med nokre få, heiderlege unnatak – er innslaga kokte i hop på formelen «velkjent melodi + ny tekst». Med andre ord er det ikkje så vanleg at kappleiken vert ei tevling om å laga den beste melodien, tvert om, her er det X-faktoren, sjarmen, punchline-frekvensen i teksten, og andre liknande kriterium som ofte gjev utslaget når ein vinnar skal kårast.

Likevel: Namnet speglar godt kva melodikappleiken handlar om. Det viktigaste er nemleg ikkje at den musikalske eller kunstnariske kvaliteten er i toppklasse, på same vis som det viktigaste ikkje er at namnet er hundre prosent presist reint språkleg. Det handlar om å hiva seg litt uti det, til glede og moro både for ein sjølv og for alle som ser på. Eg kan knappast tenkja meg ein betre måte å illustrera dette på, enn ved å hengja ut tidlegare leiar Maria og tidlegare landsstyremedlem Anne Guro, som med biletkomposisjon og mimikk tydeleg formidlar kva slags herleg uhøgtideleg og morosamt evenement melodikappleiken er. Sjå berre på dette blinkskotet frå sumarleiren 2009 på Elverum:

Maria og Anne Guro kombinerer song og spel under melodikappleiken 2009.

«Eg kjenne bare siddisåhrhr», skarra Maria Svendsen (t.v.) under melodikappleiken i 2009. Anne Guro Sture akkompagnerte med både gitar og eit merkbart stødigare andletsuttrykk. Foto: Krinken Visuelt™

 

Opplading til sumarleir, #4

Me har vore innom actionbilete frå fotballturneringa i 2008, solskinsbilete av transportskranglekassa frå 2010, og feststemning frå den vidgjetne hundreårsleiren i Sverige i 2005. Nok ein gong føretek me eit sjangerbyte, og denne gongen skal det handla om motar og trendar.

Me skal nemleg tilbake til 2007 denne gongen. Då sumarleiren var i Risør, og tydelegvis då det også var ein viss type solbriller som var usedvanleg godt utbreidde i det segmentet av folkesetnaden som femner om målpolitisk interesserte ungdomar.

Før me slepper biletmoroa laus, så må eg få orsaka – eller i det minste konstatera – at tidlegare leiar Jens Kihl figurerer for tredje gongen på fire oppladingsbilete. Rett nok var han statist i bakgrunnen på det fyrste, men ein viss overrepresentasjon må me vel vedgå at det er. På den andre sida: Du kan jo tolka det som eit hint, som ei slags målpolitisk produktplassering, fordi Jens Kihl er eit av trekkplastera til den makelause jubileumssumarleiren på Vinstra 5.-10 (har du meldt deg på, forresten? Det bør du!). Han skal nemleg stå for sjølvaste jubileumsquizen!

I mellomtida kan du nyta fotografiske prov på Jens, Trine og Bror sin innsats for å praktisera det internasjonale motebiletet på sumarleiren 2007:

Tre kjekke målungdomar viser fram solbrillemoten for 2007

Øvst frå venstre: Jens Kihl demonstrerer korleis du bruker solbriller samstundes som du et. Bror-Magnus Sviland Strand viser korleis du har på deg solbriller medan du smiler pent til kamera, medan Trine Østereng kombinerer solbrillebruk med eit interessert og lyttande andletsuttrykk. Merk også korleis alle tre har litt ulik fargenyanse i brilleglasa, slik at trente auge lett kan sjå at dei veit å skilja seg ut i aksessoir-vegen. Foto: Odin Omdal Hørthe

Opplading til sumarleir, #3

Ja, folkens, episode tre i den vesle biletføljetongen vår er endeleg her. Denne gongen skrur me klokka tilbake til retteleg gamle dagar, til den gongen då Kjell Magne Bondevik var stasminister. I dei tidene var 2011-russen framleis berre åttandeklassingar, klimaspørsmålet var framleis sjeldan på dagsorden utanfor naturfagsbøkene, Noreg låg tjue plassar under Sverige og Danmark på FIFA-rankinga, underskriftskampanjen Slepp nynorsken til! samla smått ufattelege 36 000 – trettiseks tusen – underskrifter for å opphevda nynorskforbodet i VG og Dagbladet og den nye Svinesundsbrua var rykande fersk. Eg snakkar med andre ord om 2005, året då Norsk Målungdom feira 100 års sjølvstende frå Sverige med å leggja sumarleiren til Marstrand i Kungälv kommun, utanfor Göteborg.

Som du ser er det mykje som har endra seg dei siste seks åra. Bondevik er historie, 2011-russen er russ, klimakampen har dundra og gått i lange tider, Noreg ligg (i alle fall til saman …) godt over tjue plassar høgare enn Sverige og Danmark, me har bytt underskriftskampanje med maskinomsetjing-av-nettutgåvene-til-VG-og-Dagbladet-kampanje, og dei som køyrer over Svinesundsbrua har snart fullførd ein tredel av bompengeperioden.

Sumt er likevel ved det gamle: Framleis skipar me til sumarleirar, framleis kulminerer dei i ein heidundrande sumarleirfest siste kvelden. Og framleis går dette føre seg ved at kremen av norsk ungdom kler seg i høvelege klede, med høvelege frisyrar og drikk høveleg appelsinbrus med fotofjeset parat. Sjå berre her:

Halldis og Jens er kledde til fest!

Her er i sanning det som på sidemål heiter «Kodak Moment». Legg særleg merke til Arild Rønsen-looken på skjorta til den kjekke (og den gongen også unge) herremannen til høgre!