Ikkje lat deg hersa med

Tidleg solnedgang, prematur julepynt, trafikkaos når snøen kjem. På eit vis er det ganske greitt med nokre faste, årlege haldepunkt i november – men eitt kunne me godt vore forutan: bokmålsoppgåver på eksamen.

Kvart bidige år er det den same melodien: Institutt etter fakultet etter institutt etter fakultet på universitet etter høgskule etter universitet etter høgskule gjev fullstendig beng i studentane sine språklege rettar.

Dersom du har meldt deg opp til eksamen på nynorsk, skal du i utgangspunktet få oppgåvene på nynorsk utan noko vidare. Men neidå. Gong etter gong ligg ikkje oppgåvene føre på nynorsk. Og gjer dei det, er ikkje nynorskoppgåvene til å forstå, eller så seier oppgåvetekstane noko anna enn oppgåvetekstane på bokmål – og det er sjølvsagt bokmålsoppgåvene som vert rekna som fasit.

Dette er det altså ingen grunn til å finna seg i. Sjølvsagt skal universitet og høgskular fylgja lovene, og sjølvsagt har universitet og høgskular tilgjengeleg språkkompetanse. Det handlar om at dei ikkje gidd, om at dei ikkje bryr seg. Og då må me bruka det einaste språket dei forstår: Klåre og tydelege tilbakemeldingar, gjerne med kopi til både Språkrådet og den lokale studentpressa.

Er du usikker på korleis du klagar? Fortvil ikkje – Norsk Målungdom har gjort det heile ganske så enkelt for deg! Bruk standardklageskjemaet på heimesidene våre, så formidlar me klagen vidare på dine vegner, med kopi til Språkrådet.

Så: Lukke til – både med eksamen, og med eventuelle klagar! 🙂

Verveinnspurt!

OK, alle saman: Me har 39 dagar igjen av året, og me har 153 medlemer å verva for å nå målet om 1000 teljande medlemer i 2012. Med ein god innspurt fram mot jul bør det vera fullt mogleg, så no er det berre å verva for full maskin! Som ei lita gulrot inn i den mørke årstida, kan me lokka med ein sesongvervepremie: Du får eit NMU-refleksband for kvar einaste verving!

Så, kva ventar du på? Anne på kontoret er i alle fall klar til å senda deg refleksar så snart du byrjar å verva. 🙂

Anne vil at du skal verva for å få deg ein refleks! Som det står på dei lekre og moterette refleksbanda: Me har ikkje éin nynorskbrukar å mista!

(Hugs: digital verveblokk finn du ved å klikka deg inn på målungdom.no med ein smarttelefon. Elles kan du også verva med SMS – då får du den du vervar til å senda NMU100 namn, fødeår, e-post, verva av [namnet ditt] til 2090. Då vert 100 kroner, som dekkjer medlemskontingent for både 2012 og 2013 (20 kr i rabatt!), trekt frå telefonrekninga.

Landsstyremøtet dag to!

“Hei bloggen” seier Vebjørn Sture

No har me nett satt oss attende til møtebordet etter lunsj. I tillegg til brødmat hadde me restar frå middagen i går. Bønne-chilli-sjokolade-walnøttgryte med lefse attåt. Oppskrifta er henta frå Green Kitchen Stories. Med mykje chilli og mykje sjokolade vart gryta ein stor suksess, meiner no i alle fall eg!

Middagslunsjen

Middagslunsjen

For å få møtelyden i gong song me “Leitande etter blåmann”. For dei som ikkje kan teksten, her er han:

På leit etter blåmann

Leitande etter blåmann

 

Snikkaren

I dag har me gjort alt me kan for å få det fint i stova før vårt vyrde landsstyre kom. Me har rydda og kasta søppel, vaska og skura, og ikkje minst har me hengt opp alle dei fine bileta våre. Det gjekk so lett når me har ein snikkar som leiar. Her har de eit bilete frå dagen:

Snikkaren

Snikkar Sture

Delar av Landsstyret som sitt sprikra foram framsyninga av Ut i vår hage

Delar av Landsstyret som sitt sprikra foran framsyninga av Ut i vår hage

Me snikra medan me hadde Byggmeister Bob på høgtalerane. Landsstyret vart so glade då dei såg dette. For å vise kor glade me er i dei har me no bake kake, og den et dei medan dei ser på Ut i vår hage. Flott stemning på landsstyremøtet dag 1. Følg med for oppdateringar om dag 2.