Eit sterkare norskfag – for alle

Det har lenge vore varsla ei endring i korleis norskfaget i skulen skal verte organisert, og Utdanningsdirektoratet har endeleg kome med sine framlegg til korleis faget kan gå styrkt ut av ei slik endring – på oppdrag av kunnskapsminister Halvorsen. Norsk Målungdom meiner at fleire framlegg ser fine ut, men at nokre av framlegga er direkte farlege for nynorsken og stikk i strid med det regjeringspartia gjekk til val på.

Norsk Målungdom vil arbeide for at nynorskopplæringa skal verte betre og halde høgare kvalitet enn ho gjer i dag, og meiner ikkje at løysinga på problemet er å kutte i undervisning, eksamen og ambisjonsnivå. Framlegget til Utdanningsdirektoratet om å slå saman sidemåls- og hovudmålskarakteren, tone ned sidemålsdelen av karakteren og fjerne eksamen på ungdomsskulen er det motsette av å styrkje sidemålet – og det vil i stor grad ramme nynorsken.

Eg tvilar ikkje på at Halvorsen sin intensjon er at denne endringa skal kome elevar med nynorsk som hovudmål til gode, sidan dei då får tid til å arbeide meir med hovudmålet sitt. Problemet er berre at denne type argumentasjon er gamaldags og utdatert. Ein vert ikkje automatisk betre i eit språk ved å kutte ut andre språk, det er òg andre faktorar som spelar inn. Desse moglege endringane i norskfaget vil i praksis minske statusen til nynorsk. Dette er ikkje eit gode for nynorskelevane. Tvert om!

Vi er tente med at alle elevar i Noreg kan lese, skrive og forstå både nynorsk og bokmål. Nynorskelevar har òg rett til å få sin dose bokmålsopplæring og å få kompetansen sin festa på vitnemålet, serleg i eit så bokmålsdominert samfunn og arbeidsliv som vi har i dag.

Fleire såkalla positive sidemålsforsøk med mellom anna bruk av nynorske lærebøker i andre fag enn norsk for bokmålselevar har synt oss at det er mogleg – og at god undervisning har både auka kunnskapen og viljen til å lære begge språka. Meir og betre sidemålsundervisning gjer at elevane lærer meir og får betre haldningar.

Ikkje kutt i kunnskap – vi vil lære meir, ikkje mindre!