Innleiing – men om kva?

Den spanande ventetida før jubileums-landsmøtet 25. – 27. mars er ikkje berre tida der snøen etter planen skal trekkja seg vekk og sopa med seg vegsalt og strøsingel frå vegkantane og gje rom for ny grøde frå markene rundt om i vårt linne land. Det er òg tida for jubileumsårsmøte i alle dei feststemte lokallaga våre! Den 23. februar får eg gledja av å vera med å skipa eit slikt…

Den 23. februar drar eg nemleg til sør-vestlandsperla Sandnes i Rogaland, for å skipa årsmøte i Målsiddisane. Møterom og band er booka. Møtet blir på L54 i Langgata, og det framåtstormande, lokale dialekt-indie-pop-rock-bandet «Sporv», skal ikkje spela ein liten akustisk-trådlaus konsert likevel, grunna «UKM». Alle som har høve til å koma, bør likevel ha notera notert seg datoen, og dukka opp kl. 18.00!

Førebels ser alt ut til å gå etter planen, med unnatak av ein liten detalj: Det hør seg og bør seg nemleg slik at den vitjande sentralstyremedlemen, i dette høvet meg, Bror-Magnus, held ei lita innleiing på årsmøte om noko viktig og interessant. Eg veit berre ikkje kva! For å gjera kort prosess på heile kvalen til valet, har eg landa på å organisera ei avrøysting her på sentralstyrebloggen over kva innleiinga mi skal dreia seg om. Me tjuvstartar årsmøtet med å fatta eit vedtak her. Teljekorps er meg sjølv. Og me røyster…

Så blei det visst innleiing om sidemål denne gongen. Godt det var så tydeleg fleirtal tidleg i prosessen så eg hadde god tid på å førebu meg. Tusen takk for at ingen røysta på «ingenting, innleiingar er så keisame…»!

Slik kjem du deg frå A) Sandnes Sentrum (togstasjonen) og Rúten til B) L54. Vel møtt!

Slik kjem du deg frå A) Sandnes Sentrum (togstasjonen) og Rúten til B) L54. Vel møtt!

(Du kan melda deg på årsmøtet si fjesbokhending her, og finna ut meir om Sporv her og her, samt høyra korleis dei høyrdest ut før dei bestemte seg for å syngja på dialekt.)

Februarmøtet vel overstått

I helga møttest landsstyret til det tredje av fire landsstyremøte i arbeidsperioden, og eg må verkeleg seia at dette var eit bra møte! Gode diskusjonar, triveleg stemning, og gjennomføringa skjedde til alt overmål nokolunde i samsvar med oppsett møtetid – noko som ikkje har vore sjølvsagt på februarmøte tidlegare år … Dette er nemleg det “tyngste” møtet i året, sidan dei fleste landsmøtesakene skal handsamast her – årsmelding, rekneskap, arbeidsproblem, lov- og tuftbrigde, etc.

Såleis er det ein ekstra fjør i hatten til det herlege landsstyret vårt at møtet vart så bra som det vart! 🙂 Det lover godt fram mot jubileumslandsmøtet i slutten av mars som skal vera her:

Landsmøtestaden 2011. Foto: Kjetil Ree, CC-BY-SA

Foto: Kjetil Ree, CC-BY-SA

Ufriviljug humor per tekstmelding

Medan debatten går i Klassekampen om kor fæle nynorskfolk er til å kjefta og klaga på kvarandre, har eg hatt eit lesarbrev om sidemål på trykk i Stavanger Aftenblad. Og reaksjonen kom relativt raskt – her er ei tekstmelding eg fekk 16.28 i ettermiddag, som eg må innrømma at fekk meg til å trekkja godt på smilebandet:

Jeg viser til ditt innlegg i Stavanger Aftenblad i dag. Nynorsk er en pest og en plage og slike som deg burde flytte til fjells hvor dere kan knote sammmen hele dagen på dette grusomme målet. Mvh/(fullt namn)

Eg veit ikkje heilt kva som er løgnast: At ein 51 år gamal mann (med flott stillingstittel og høg løn) synest det er heilt på sin plass å spora opp og senda slike tekstmeldingar til ungdomar som engasjerer seg i organisasjonslivet? Eller det lett paradoksale uttrykket frustrasjonen tek i det avsendaren lirer av seg krinsrekord i usakleg innhald, pakka inn i ei forunderleg sober form (“med vennlig hilsen” og fullt namn, liksom)?

Uan-z: Etter å ha humra litt for meg sjølv, tenkte eg at eg måtte jo vera høfleg og skriva tilbake. Så vår ven fekk litt smiger per SMS i retur:

Takk for omtanken, men eg trivest godt med å bruka nynorsk i urbane omgjevnader. Og dersom eg hadde flytt til fjells, ville eg jo gått glipp av alle dei konstruktive tilbakemeldingane frå storsinna kjernekarar som deg. <3
Varme målhelsingar frå Vebjørn

Korrespondansen har inntil vidare stoppa der. I mellomtida: Skulle det vera fleire nynorskhatarar med utblåsingsbehov der ute, så er eg tilgjengeleg på 924 16 527. Ver merksam på at innsende meldingar kan hamna ute på verdsveven, men eg skal ikkje publisera namn. Trur eg. 😉