About Vebjørn

24 år, frå Stavanger, leiar. Aktiv målungdom sidan 2004. Går aldri av vegen for ein blaut vits.

Brev til kunnskapsministeren

I byrjinga av mai sende Språkrådet ei bekymringsmelding til kunnskapsministeren. Emnet var utkastet til ny læreplan i norsk, som Språkrådet – statens fagorgan i språkspørsmål – meinte er i strid med stortingsvedteken politikk. Éi av Språkrådet sine innvendingar var at det å fjerna sidemålskarakteren ville vera med på å svekkja nynorskens status.

Dette har tydelegvis falle Landslaget for Norskundervisning (LNU) – som kjempar for at det ikkje skal vera eigen standpunktkarakter i sidemål – tungt for brystet. Dei sende eit slags «svar» på Språkrådet sine innvendingar til kunnskapsministeren i går.

I utgangspunktet har NMU levert høyringsfråsegn i saka, men i brevet sitt leverer LNU ein del påstandar som treng opprydding. Me har difor sendt eit brev med nokre oppklaringar til kunnskapministeren. Brevet kan du lesa her.

Vil du vera med på laget?

Velkomen til eit nytt år med nye høve! I år vert 17. mars datoen for val av nye styre og utval i Norsk Målungdom, og det er denne kjekke gjengen som har ansvar for å få framlegga på plass. Valnemnda er i full gang med spørjing og graving etter jol, og me set stor pris på innspel om du veit om nokon som bør sitja anten i landsstyret eller sentralstyret i NMU. Kanskje har du til og med lyst sjølv?

Landsstyret har møte 5 gonger i året, og er det øvste politiske organet i NMU. Her ynskjer me å ha alle slags målungdomar frå heile landet representerte. Reise til møta vert dekt, og vervet gjev gyldig politisk fråvere frå skulen. Sentralstyret har møte og dugnad éin gong i veka, og har ansvar for den daglege drifta av organisasjonen. Å sitja i eit organisasjonsstyre er ingen dum idé, sidan det gjev deg mange nye vener og verdifull rønsle som du tek med deg vidare.

 Ta gjerne kontakt med oss om kva det måtte vera. Du får tak i oss ved å senda e-post eller ringja til maria(a)nynorsk.no / 984 49 607 eller eva(a)nynorsk.no / 971 49 323.

Sjølvbilete av valnemnda: Eva Holthe Enoksen, Vegard Storsul Opdahl, Maria Svendsen og Bror-Magnus Sviland Strand (vara). Tone Rossow (vara) var ikkje til stade

Ikkje lat deg hersa med

Tidleg solnedgang, prematur julepynt, trafikkaos når snøen kjem. På eit vis er det ganske greitt med nokre faste, årlege haldepunkt i november – men eitt kunne me godt vore forutan: bokmålsoppgåver på eksamen.

Kvart bidige år er det den same melodien: Institutt etter fakultet etter institutt etter fakultet på universitet etter høgskule etter universitet etter høgskule gjev fullstendig beng i studentane sine språklege rettar.

Dersom du har meldt deg opp til eksamen på nynorsk, skal du i utgangspunktet få oppgåvene på nynorsk utan noko vidare. Men neidå. Gong etter gong ligg ikkje oppgåvene føre på nynorsk. Og gjer dei det, er ikkje nynorskoppgåvene til å forstå, eller så seier oppgåvetekstane noko anna enn oppgåvetekstane på bokmål – og det er sjølvsagt bokmålsoppgåvene som vert rekna som fasit.

Dette er det altså ingen grunn til å finna seg i. Sjølvsagt skal universitet og høgskular fylgja lovene, og sjølvsagt har universitet og høgskular tilgjengeleg språkkompetanse. Det handlar om at dei ikkje gidd, om at dei ikkje bryr seg. Og då må me bruka det einaste språket dei forstår: Klåre og tydelege tilbakemeldingar, gjerne med kopi til både Språkrådet og den lokale studentpressa.

Er du usikker på korleis du klagar? Fortvil ikkje – Norsk Målungdom har gjort det heile ganske så enkelt for deg! Bruk standardklageskjemaet på heimesidene våre, så formidlar me klagen vidare på dine vegner, med kopi til Språkrådet.

Så: Lukke til – både med eksamen, og med eventuelle klagar! 🙂

Verveinnspurt!

OK, alle saman: Me har 39 dagar igjen av året, og me har 153 medlemer å verva for å nå målet om 1000 teljande medlemer i 2012. Med ein god innspurt fram mot jul bør det vera fullt mogleg, så no er det berre å verva for full maskin! Som ei lita gulrot inn i den mørke årstida, kan me lokka med ein sesongvervepremie: Du får eit NMU-refleksband for kvar einaste verving!

Så, kva ventar du på? Anne på kontoret er i alle fall klar til å senda deg refleksar så snart du byrjar å verva. 🙂

Anne vil at du skal verva for å få deg ein refleks! Som det står på dei lekre og moterette refleksbanda: Me har ikkje éin nynorskbrukar å mista!

(Hugs: digital verveblokk finn du ved å klikka deg inn på målungdom.no med ein smarttelefon. Elles kan du også verva med SMS – då får du den du vervar til å senda NMU100 namn, fødeår, e-post, verva av [namnet ditt] til 2090. Då vert 100 kroner, som dekkjer medlemskontingent for både 2012 og 2013 (20 kr i rabatt!), trekt frå telefonrekninga.

Sola skin på den som skriv nynorsk

Landsmøtet er berre seks små dagar unna, og regnet sildrar nedover Vossevangen, slik det sømer seg på denne tida av året. Men! Den som frykta skitvêr under landsmøtet (t.d. underteikna), får tenkja om att. Sjå berre her korleis himmelen er spådd å gå frå det våtaste grå til det hottaste blå så snart målfolket inntek Voss! Merk også den glidande overgangen på torsdagen, når landsstyret samlar seg til det førebuande eindagsmøtet på Voss.

Tilfeldig? Trur ikkje det, nei. 🙂

Velkomen til Voss!

Då var innkallinga til landsmøtet sendt ut, og landsmøteheimesidene (http://malungdom.no/landsmote/) har fått både oppdatert informasjon og eit lite lass med sakspapir. Så her er det berre å gjera seg klar!

Vonar me ser deg på Voss! 🙂

Kjerneområda slår tilbake

Det er ikkje berre i lundene det livnar – no er sanneleg målungdomsvåren godt i gang, og særleg friskt blæs det i nordvest. Utan at eg skal bretta min stolte klump i halsen utover for mange liner her om kor flotte folk me har i det nyaste lokallaget, trur eg de skjønar teikninga når eg seier at dei lever opp til namnet sitt: hEiderleg Målungdom. Dei kjem då altså frå Eid, om du ikkje tok ordspelet. 🙂

Gromme målfolk i Nordfjord!

Frå venstre: Anna Emilie Paulsen Skipenes, Karina Sandal, Anja-Merete Reknes (på vitjing frå nabo-laget Firda), Nora Martine Hjelle Strand, Ingrid Skrede, Laura Vollmer, Johan Aurvoll Langeland og Ørjan Ryland.

Julegåvetips!

Slit du med å klekka ut idear til kva du skal gje vener og kjende til jul? Fortvil ikkje meir – Norsk Målungdom har løysinga. Eller rettare sagt: opptil fleire løysingar! Sjå berre her:

Johanne med t-skjortene

Her er skrivar-Johanne med den nye utgåva av dei populære «Eg<3nynorsk»-t-skjortene. Nytt av året er at dei kjem med kledeleg og moterett v-hals.

T-skjorter

Her er fargeutvalet. Me har t-skjorter i såkalla «gute- og jentemodell», og i ulike storleikar. «Jenteskjortene» er merkbart mindre i storleiken, og har større utringing enn «guteskjortene». OBS: Me tilbyr dei ulike fargane og storleikane så langt lageret rekk. Ta kontakt for å få vita kva typar og storleikar me har i dei ulike fargane. Her er det fyrstemann til mølla!

NMUsa

Lei av tungrodde peikeplater? Lite hypp på å drassa rundt på ei svær datamus med masse leidningar eller trådlaus-USB-mottakarar som forsvinn? Løysinga er den lette og nette målungdomsmusa, som attpåtil kjem med trådsnelle - slik at du kan dra ut leidningen når du skal bruka henne, og la snella rulla leidningen inn på seg når du skal pakka musa ned. Praktisk!

T-skjortene kostar 130/stk, musa 140/stk. I tillegg har me framleis ein god del av dei eksklusive jubileums-t-skjortene att på lager – dei kjem i burgunderraud med kvitt jubileumstrykk på brystkassa. Også dei kostar 130/stk.

For tinging eller spørsmål: Kontakt skrivarstova på tlf. 23 00 29 40 (09-17) eller skriv@nynorsk.no (døgnope).