Brev til kunnskapsministeren

I byrjinga av mai sende Språkrådet ei bekymringsmelding til kunnskapsministeren. Emnet var utkastet til ny læreplan i norsk, som Språkrådet – statens fagorgan i språkspørsmål – meinte er i strid med stortingsvedteken politikk. Éi av Språkrådet sine innvendingar var at det å fjerna sidemålskarakteren ville vera med på å svekkja nynorskens status.

Dette har tydelegvis falle Landslaget for Norskundervisning (LNU) – som kjempar for at det ikkje skal vera eigen standpunktkarakter i sidemål – tungt for brystet. Dei sende eit slags «svar» på Språkrådet sine innvendingar til kunnskapsministeren i går.

I utgangspunktet har NMU levert høyringsfråsegn i saka, men i brevet sitt leverer LNU ein del påstandar som treng opprydding. Me har difor sendt eit brev med nokre oppklaringar til kunnskapministeren. Brevet kan du lesa her.

Ikkje lat deg hersa med

Tidleg solnedgang, prematur julepynt, trafikkaos når snøen kjem. På eit vis er det ganske greitt med nokre faste, årlege haldepunkt i november – men eitt kunne me godt vore forutan: bokmålsoppgåver på eksamen.

Kvart bidige år er det den same melodien: Institutt etter fakultet etter institutt etter fakultet på universitet etter høgskule etter universitet etter høgskule gjev fullstendig beng i studentane sine språklege rettar.

Dersom du har meldt deg opp til eksamen på nynorsk, skal du i utgangspunktet få oppgåvene på nynorsk utan noko vidare. Men neidå. Gong etter gong ligg ikkje oppgåvene føre på nynorsk. Og gjer dei det, er ikkje nynorskoppgåvene til å forstå, eller så seier oppgåvetekstane noko anna enn oppgåvetekstane på bokmål – og det er sjølvsagt bokmålsoppgåvene som vert rekna som fasit.

Dette er det altså ingen grunn til å finna seg i. Sjølvsagt skal universitet og høgskular fylgja lovene, og sjølvsagt har universitet og høgskular tilgjengeleg språkkompetanse. Det handlar om at dei ikkje gidd, om at dei ikkje bryr seg. Og då må me bruka det einaste språket dei forstår: Klåre og tydelege tilbakemeldingar, gjerne med kopi til både Språkrådet og den lokale studentpressa.

Er du usikker på korleis du klagar? Fortvil ikkje – Norsk Målungdom har gjort det heile ganske så enkelt for deg! Bruk standardklageskjemaet på heimesidene våre, så formidlar me klagen vidare på dine vegner, med kopi til Språkrådet.

Så: Lukke til – både med eksamen, og med eventuelle klagar! 🙂