Læreplansiger!

Læreplanen i norsk vart offentleggjort tidlegare i dag.  Marit Aakre Tennø, leiar i Mållaget, og Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, satt på gjerde og venta på pressemelding frå kunnskapsdepartementet.Marit og Vebjørn

Vebjørn med mozell

Det er litt av kvart å juble for i den nye læreplanen, her er noko av det me jublar over i dag:

– likestilte kompetansemål for bokmål og nynorsk,

– tidlegare start med sidemål. Lesing og lytting heilt frå starten, eksperimenterande skriving frå 5. trinn. Me bad om 4. trinn, men det er uansett fleire steg i rett retning,

– eigen sidemålskarakter på 10. trinn og VG3,

– betre grunngjeving for sidemål i føremålsteksten.

Dette er ein læreplan på rett veg, med mykje NMU-politikk på mange område. Me har vore både i avis og på radio i dag. Det har vore god stemning på skrivarstova og me feira læreplanen i lunsjen med sushi og mozell.

Brev til kunnskapsministeren

I byrjinga av mai sende Språkrådet ei bekymringsmelding til kunnskapsministeren. Emnet var utkastet til ny læreplan i norsk, som Språkrådet – statens fagorgan i språkspørsmål – meinte er i strid med stortingsvedteken politikk. Éi av Språkrådet sine innvendingar var at det å fjerna sidemålskarakteren ville vera med på å svekkja nynorskens status.

Dette har tydelegvis falle Landslaget for Norskundervisning (LNU) – som kjempar for at det ikkje skal vera eigen standpunktkarakter i sidemål – tungt for brystet. Dei sende eit slags «svar» på Språkrådet sine innvendingar til kunnskapsministeren i går.

I utgangspunktet har NMU levert høyringsfråsegn i saka, men i brevet sitt leverer LNU ein del påstandar som treng opprydding. Me har difor sendt eit brev med nokre oppklaringar til kunnskapministeren. Brevet kan du lesa her.

Ikkje lat deg hersa med

Tidleg solnedgang, prematur julepynt, trafikkaos når snøen kjem. På eit vis er det ganske greitt med nokre faste, årlege haldepunkt i november – men eitt kunne me godt vore forutan: bokmålsoppgåver på eksamen.

Kvart bidige år er det den same melodien: Institutt etter fakultet etter institutt etter fakultet på universitet etter høgskule etter universitet etter høgskule gjev fullstendig beng i studentane sine språklege rettar.

Dersom du har meldt deg opp til eksamen på nynorsk, skal du i utgangspunktet få oppgåvene på nynorsk utan noko vidare. Men neidå. Gong etter gong ligg ikkje oppgåvene føre på nynorsk. Og gjer dei det, er ikkje nynorskoppgåvene til å forstå, eller så seier oppgåvetekstane noko anna enn oppgåvetekstane på bokmål – og det er sjølvsagt bokmålsoppgåvene som vert rekna som fasit.

Dette er det altså ingen grunn til å finna seg i. Sjølvsagt skal universitet og høgskular fylgja lovene, og sjølvsagt har universitet og høgskular tilgjengeleg språkkompetanse. Det handlar om at dei ikkje gidd, om at dei ikkje bryr seg. Og då må me bruka det einaste språket dei forstår: Klåre og tydelege tilbakemeldingar, gjerne med kopi til både Språkrådet og den lokale studentpressa.

Er du usikker på korleis du klagar? Fortvil ikkje – Norsk Målungdom har gjort det heile ganske så enkelt for deg! Bruk standardklageskjemaet på heimesidene våre, så formidlar me klagen vidare på dine vegner, med kopi til Språkrådet.

Så: Lukke til – både med eksamen, og med eventuelle klagar! 🙂

Smil til nynorsken, og nynorsken smiler til deg

I eit innlegg på Magasinett skildrar Anita Svendheim eit nynorsk redslekaos, der frykta for å verta utsletta er i ferd med å verta eit sjølvoppfyllande mantra mellom nynorskentusiastar. Slik opplever ikkje eg det.

Lat meg aller fyrst seia at eg – naturlegvis – har stor respekt for at Svendheim opplever nynorskverda litt annleis enn meg, og at eg naturlegvis tek erfaringane hennar på fullt alvor. Er det ein ting eg har lært etter nokre år som organisasjonssentralist, så er det at verda kan opplevast ganske annleis inne i Oslo-bobla enn utanfor. Så eg tviler ikkje eit sekund på at Svendheim har følt bokmålsfrykta i augo på foreldre, norsklærarar eller kven det måtte vera.

Men nettopp for å ta Svendheim sine oppfordringar på direkten, så kjenner eg ein sterk trong til å bidra med litt inspirasjon og positivitet. For etter sju år som aktiv målungdom – både i lokalleddet og i sentralstyret – har eg heilt andre opplevingar enn Svendheim.

Gjennom sju år i Målungdommen kan eg knappast hugsa å ha møtt noko som liknar den nynorskangsten Svendheim skildrar. Tvert om: I staden for å diskutera kor vidt nynorsken vil døy ut eller ikkje, diskuterer me kor vidt me skal gjera nynorsk til einaste riksmål eller om me skal «nøya oss» med ein 50/50-situasjon. Kanskje er ingen av delane så realistisk i eit femårsperspektiv, men det seier noko om kva slags positivitet som rår grunnen mellom unge nynorskentusiastar. Og det finst mange fleire døme:

I staden for å heidra finkulturelle nynorsksnobbar, har me delt ut Dialektprisen til føredøme med ikkje akkurat finkulturell appell, som til dømes Are og Odin, Eli Kari Gjengedal og Lars Vaular. I staden for å hiva oss på den språklege skitkastinga mot Paradise Hotel – som fekk mykje negativ omtale frå både bokmåls– og nynorskhald – gjekk me høgt ut i pressa for å rosa Paradise-gjengen for å visa fram eit fargerikt og levande dialektmangfald. Og no i dag, i staden for å tolka Kulturdepartementet sitt ynske om obligatorisk filmteksting “på norsk” som om det var ei innføring av eit nytt bokmålsdomene, føreslår me i staden at dei kan presisera at teksting på norsk inneber teksting på både nynorsk og bokmål, sidan filmteksting uansett har vorte veldig billig etter at kinoane vart digitaliserte.

Så: Poenget mitt er ikkje at Svendheim nødvendigvis tek feil. Men når ein skal ropa varsko er det ofte lurt å vera litt varsam. Påstandar om at «nynorskentusiastane har gjort nynorsken skummel og avansert» og at nynorsken primært «rommar artiklar og tekstar om litteratur og bygdehistorie», er jo ikkje akkurat med på å teikna eit inspirerande bilete av nynorsken? Eller dyrka inspirasjon og språkglede?

Visst skal me seia i frå når det trengst, og det er eg takksam for at Anita Svendheim gjer. Mitt personlege bidrag i denne omgangen får vera å spreia litt nynorskglede ved å svara på eit av spørsmåla Svendheim stiller: Sist gong eg las ein nynorskartikkel om tippeligaen var i dag føremiddag, då nrk.no fleska til med overskrifta «Strømsgodset sikra seg toppscorar». Jommen smiler nynorsken til oss på den fronten òg! 🙂

Sidemål for full musikk

Sidemålsballen rullar verre enn på lenge. Det kan vera vrient å halda seg oppdatert på kva som skjer, så her er ei lita oppsummering med eit utval peikarar til diverse nyhendesaker.

Sjølve saka:
– Høgre sitt landsmøte har vedteke ei fråsegn der dei går inn for å avskaffa obligatorisk sidemål i ungdomsskulen. Høgre er frå før tilhengjar av å gjera akkurat det same i vidaregåande, men no har dei altså også gått inn for å avskaffa obligatorisk sidemålet over heile fjøla.

Lyspunkt:
– Det finst mykje motstand sentralt i partiet mot vedtaket. Arne Hjeltnes (sentralstyremedlem) var mellom dei mest profilerte sidemålstilhengjarane på talarstolen, og både Erna Solberg (leiar) og Jan Tore Sanner (nestleiar) var mellom dei som røysta mot å fjerna sidemålet. (http://politisk.tv2.no/nyheter/hoyre-vil-fjerne-obligatorisk-sidemal/)
– Det finst også motstand i «distrikts-Høgre». Eitt døme er ordføraren på Stord, Liv Kari Eskeland, som har uttalt at ho vil mobilisera Vestlandet til kamp! (http://www.sunnhordland.no/article/20110509/NYHENDE/705099983)
– Tilsvarande lovnader kjem også frå Sogn og Fjordane Høgre, som lovar omkamp i sidemålssaka når Høgre skal meisla ut valprogrammet for neste stortingsperiode. (http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article5600801.ece, http://www.firda.no/nyhende/article5601461.ece)
– Sogn og Fjordane Unge Høgre er på parti med sidemålet! (http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7624228)

Reaksjonar:
– Romsdals Budstikke kallar – på leiarplass! – vedtaket for «eit kupp» (http://www.rbnett.no/meninger/leder/article336965.ece)
– Thor Bjarne Bore, Venstre-nestor som tidlegare har vore m.a. redaktør for Aftenbladet, Vårt Land og RB, slaktar vedtaket opp og i mente på Aftenbladet-bloggen sin (http://www.aftenbladet.no/wp/borebloggen/2011/05/09/frivillige-2-gradsligninger/)
– Avisa Sunnhordland brukar leiarspalta si til å varsla eit dårleg lokalval for Høgre i kommunane i Sunnhordland (http://www.sunnhordland.no/article/20110510/LEIAR/705109985)
– Twitter-straumen kan de lesa sjølv. Eg registrerer (i skrivande stund) stor overvekt av støtte for sidemålsopplæring. (http://twitter.com/#!/search/sidem%C3%A5l)
– Troms Folkeblad åtvarar Høgre mot å «kødde med Bunads-Høgre» (http://www.folkebladet.no/meninger/leder/article453206.ece)
– Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende meiner Høgre sitt framlegg vil gjera sidemålet til eit «kosefag» (http://www.bt.no/meninger/kommentar/kobbeltveit/Hoegre-og-Frps-nye-kampsak-2498204.html)

Målungdomen:
– Janne var i radiodebatt med Elisabeth «Nynorsk er fint i dikt» Aspaker* på Dagsnytt 18 i går. (http://www.nrk.no/nett-tv/indeks/262753/)
– Tone var i Budstikka på sundag (https://web.retriever-info.com/services/facsimile/pdf_id-020079201105072X7pwv2vLjKY3nqDEI2kAOz9100001010224_x-019b2a0aa873502431d2451c346fb68f_mt-print_y-785cf922170867c1417ea91e08ca9a1e.pdf)
– Eg er i Solabladet i dag (https://web.retriever-info.com/services/facsimile/pdf_id-055107201105102K24uc0WYdj21LYTXG0E7MDq10000101050c_x-58ae0d29d98432ba43f0fdf60d86832a_mt-print_y-eb3d417998f023a80278cbe3f29d3177.pdf) og har elles starta ei lita Facebook-side til støtte for dei mindretalsverande sidemålsheltane i Høgre (http://www.facebook.com/pages/Moralsk-st%C3%B8tte-til-sidem%C3%A5lsvenlege-H%C3%B8gre-folk/144992338905501)

Mållaget:
– Leiar Håvard Øvregård (som også er Høgre-mann …) kallar Høgre «kunnskapslause» (http://www.tv2nyhetene.no/innenriks/politikk/hoeyre-faar-nynorskkjeft-3488934.html?utm_source=twitterfeed&utm_medium=twitter), seier dei «gjer knefall for Unge Høgre» (http://www.nationen.no/2011/05/10/politikk/hogre/nynorsk/hoyre/noregs_mallag/6621039/) og hevdar dei går til åtak på nynorsk som nasjonalspråk (http://framtida.no/articles/hogre-til-angrep-pa-nynorsk-som-nasjonalsprak). Han skriv også at Høgre, om dei får gjennomslag, vil leggja berebjelken for norsk språkpolitikk i hendene på 13-åringar (http://www.utdanningsnytt.no/4/Meny-A/Debatt/Debattinnlegg-2011/Ikkje-lat-Hogre-svekkje-nynorsken/)
– Nestleiar Aud Søyland meiner vedtaket er starten på ein kampanje mot jamstellingsvedtaket av 1885 (http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article4116595.ece)
– Mållaget har også laga eit oversyn over «5 mytar om sidemål» (http://www.nm.no/tekst.cfm?id=3304)

Sådär. Slik ser det ut til no, og det kjem sikkert meir. De kan vel halda dykk oppdaterte på nynorsk.no og nm.no frametter, kan henda eg også oppdaterer denne saka her om det passar seg slik. Og: Om nokon kjenner skrivekløa, så er det sjølvsagt berre å fyra laus med lesarbrev og presseutspel – skal me snu Høgre treng me alt det trykket me kan få!

Jubileumsåret er i gang med eit brak

Nyttårsrakettane bles for det meste bort i år, i alle fall i Stavanger, men kva gjer vel det når nynorskverda ordnar sitt eige fyrverkeri? Til helga skal arbeidsprogramnemnda i NMU møtast for å klekka ut ein slagplan for den komande arbeidsperioden – jubileumsarbeidsperioden. Og i mellomtida kan me la oss inspirera av at dei fleste ser ut til å gjera sitt beste for å gje jubileumsåret ein nynorsk rakettstart:

– Allkunne og Wikipedia er i tottane på kvarandre. Eller, meir presist: Allkunne er i tottane på Wikipedia. (Endå ei presisering: Fram til neste nyttår heiter det naturlegvis jubileumstottane)
– Olav H. Hauge-senteret i Ulvik har premiere i morgon (eller i dag, teknisk sett).
– … og i samband med at Forum for norskfaget føreslår éin felles karakter i norsk, har sjølvaste VG laga ei heilsidesak – på nynorsk! – med stort bilete av leiar-Janne. Jø og fyse!

Og endå skriv me berre 13. januar. Dette vert litt av eit år! (Eller jubileumsår, for å vera presis)

Men for å koma til det eigentlege poenget: Dersom du sit på ein genial idé (ein jubileumsidé …) som arbeidsprogramnemnda bør få med seg, så kan du til dømes leggja att ein (jubileums-)kommentar  her på (jubileums-)bloggen. Eg kan naturlegvis ikkje lova at alle innspel vert ukritisk inkorporerte i apo-framlegget, men eg garanterer at me skal sjå på det som kjem!

Enn så lenge: Stå på, fred ut og takk, Ivar Aasen.

Nynorsk i nettavisene- kva kan DU gjera?

Måndag lanserte me den nye kampanjen vår for nynorsk i nettavisene. Dersom du var rask, fekk du med deg både nynorskVG og nynorskDB før sistnemte vart teken ned.

Forbodet mot nynorsk i nettavisene er viktig, av di det hindrar folk over heile landet å sjå språket. Det er eit problem for alle som har nynorsk som språket sitt at me ikkje kan bruka det overalt, og det er eit problem for elevar og lærarar at elevane ikkje ser nok nynorsk til at dei klarer å læra det som sidemål. VG og Dagbladet er riksdekkjande, folkelege aviser, og burde representera folket. Det gjer dei ikkje no. Du kan lesa meir om kva me meiner her.

Det viktigaste nett no er at alle er med på kampanjen. Og det er mange ting du kan gjera!

  1. Les nynorskVG og sprei lenkja til alle du kjenner.
  2. Gå inn på nynorskDB og send ein e-post til Lars Helle for å oppmoda han til å sleppa til nynorsk i Dagbladet.
  3. Send ein e-post til skriv(alfakrøll)nynorsk(punkt)no og be om å få tilsendt klistermerke og la heimstaden din få vita kva du meiner.
  4. Få tak i flygeblad, banner, klistermerke og jakkemerke frå skrivarstova og aksjonér. Pass på at de seier ifrå til lokalavisa.
  5. Skriv eit lesarinnlegg til avisa.

Kom igjen, me vil sjå språket vårt i avisa!