Sola skin på den som skriv nynorsk

Landsmøtet er berre seks små dagar unna, og regnet sildrar nedover Vossevangen, slik det sømer seg på denne tida av året. Men! Den som frykta skitvêr under landsmøtet (t.d. underteikna), får tenkja om att. Sjå berre her korleis himmelen er spådd å gå frå det våtaste grå til det hottaste blå så snart målfolket inntek Voss! Merk også den glidande overgangen på torsdagen, når landsstyret samlar seg til det førebuande eindagsmøtet på Voss.

Tilfeldig? Trur ikkje det, nei. :)

Posted in Organisasjon | Tagged , | Leave a comment

Årsmøtesesong: Ålesund

Dagens foto er frå årsmøtet til det lengstlydande lokallaget i NMU: Norsk Målungdom Ålesund og Omegn. Som de ser: Godt humør, mykje pizza og knakande kjekk ungdom. :)

Posted in Organisasjon | Leave a comment

Velkomen til Voss!

Då var innkallinga til landsmøtet sendt ut, og landsmøteheimesidene (http://malungdom.no/landsmote/) har fått både oppdatert informasjon og eit lite lass med sakspapir. Så her er det berre å gjera seg klar!

Vonar me ser deg på Voss! :)

Posted in Ukategorisert | Leave a comment

Kjerneområda slår tilbake

Det er ikkje berre i lundene det livnar – no er sanneleg målungdomsvåren godt i gang, og særleg friskt blæs det i nordvest. Utan at eg skal bretta min stolte klump i halsen utover for mange liner her om kor flotte folk me har i det nyaste lokallaget, trur eg de skjønar teikninga når eg seier at dei lever opp til namnet sitt: hEiderleg Målungdom. Dei kjem då altså frå Eid, om du ikkje tok ordspelet. :)

Gromme målfolk i Nordfjord!

Frå venstre: Anna Emilie Paulsen Skipenes, Karina Sandal, Anja-Merete Reknes (på vitjing frå nabo-laget Firda), Nora Martine Hjelle Strand, Ingrid Skrede, Laura Vollmer, Johan Aurvoll Langeland og Ørjan Ryland.

Posted in Organisasjon | Leave a comment

Tuft i emning

Tuftnemnda har offentleggjort framlegget til ny tuft for Norsk Målungdom. Heile det nye tuftframlegget, inkludert oversyn over fristar og saksgang, finn du på tuftbloggen. God lesnad! :)

Posted in Organisasjon, Politikk | Tagged | Leave a comment

Eit sterkare norskfag – for alle

Det har lenge vore varsla ei endring i korleis norskfaget i skulen skal verte organisert, og Utdanningsdirektoratet har endeleg kome med sine framlegg til korleis faget kan gå styrkt ut av ei slik endring – på oppdrag av kunnskapsminister Halvorsen. Norsk Målungdom meiner at fleire framlegg ser fine ut, men at nokre av framlegga er direkte farlege for nynorsken og stikk i strid med det regjeringspartia gjekk til val på.

Norsk Målungdom vil arbeide for at nynorskopplæringa skal verte betre og halde høgare kvalitet enn ho gjer i dag, og meiner ikkje at løysinga på problemet er å kutte i undervisning, eksamen og ambisjonsnivå. Framlegget til Utdanningsdirektoratet om å slå saman sidemåls- og hovudmålskarakteren, tone ned sidemålsdelen av karakteren og fjerne eksamen på ungdomsskulen er det motsette av å styrkje sidemålet – og det vil i stor grad ramme nynorsken.

Eg tvilar ikkje på at Halvorsen sin intensjon er at denne endringa skal kome elevar med nynorsk som hovudmål til gode, sidan dei då får tid til å arbeide meir med hovudmålet sitt. Problemet er berre at denne type argumentasjon er gamaldags og utdatert. Ein vert ikkje automatisk betre i eit språk ved å kutte ut andre språk, det er òg andre faktorar som spelar inn. Desse moglege endringane i norskfaget vil i praksis minske statusen til nynorsk. Dette er ikkje eit gode for nynorskelevane. Tvert om!

Vi er tente med at alle elevar i Noreg kan lese, skrive og forstå både nynorsk og bokmål. Nynorskelevar har òg rett til å få sin dose bokmålsopplæring og å få kompetansen sin festa på vitnemålet, serleg i eit så bokmålsdominert samfunn og arbeidsliv som vi har i dag.

Fleire såkalla positive sidemålsforsøk med mellom anna bruk av nynorske lærebøker i andre fag enn norsk for bokmålselevar har synt oss at det er mogleg – og at god undervisning har både auka kunnskapen og viljen til å lære begge språka. Meir og betre sidemålsundervisning gjer at elevane lærer meir og får betre haldningar.

Ikkje kutt i kunnskap – vi vil lære meir, ikkje mindre!

Posted in Ukategorisert | Leave a comment

Julegåvetips!

Slit du med å klekka ut idear til kva du skal gje vener og kjende til jul? Fortvil ikkje meir – Norsk Målungdom har løysinga. Eller rettare sagt: opptil fleire løysingar! Sjå berre her:

Johanne med t-skjortene

Her er skrivar-Johanne med den nye utgåva av dei populære «Eg<3nynorsk»-t-skjortene. Nytt av året er at dei kjem med kledeleg og moterett v-hals.

T-skjorter

Her er fargeutvalet. Me har t-skjorter i såkalla «gute- og jentemodell», og i ulike storleikar. «Jenteskjortene» er merkbart mindre i storleiken, og har større utringing enn «guteskjortene». OBS: Me tilbyr dei ulike fargane og storleikane så langt lageret rekk. Ta kontakt for å få vita kva typar og storleikar me har i dei ulike fargane. Her er det fyrstemann til mølla!

NMUsa

Lei av tungrodde peikeplater? Lite hypp på å drassa rundt på ei svær datamus med masse leidningar eller trådlaus-USB-mottakarar som forsvinn? Løysinga er den lette og nette målungdomsmusa, som attpåtil kjem med trådsnelle - slik at du kan dra ut leidningen når du skal bruka henne, og la snella rulla leidningen inn på seg når du skal pakka musa ned. Praktisk!

T-skjortene kostar 130/stk, musa 140/stk. I tillegg har me framleis ein god del av dei eksklusive jubileums-t-skjortene att på lager – dei kjem i burgunderraud med kvitt jubileumstrykk på brystkassa. Også dei kostar 130/stk.

For tinging eller spørsmål: Kontakt skrivarstova på tlf. 23 00 29 40 (09-17) eller skriv@nynorsk.no (døgnope).

Posted in Skrivarstova | Tagged , , | Leave a comment

Grimstad Målungdom er skipa

Førre torsdag kom det førebels nyaste skotet på NMU-stammen til verda, då Grimstad Målungdom vart skipa. I front for det nye laget står leiar Jørgen Vik (16), som også var initiativtakaren til lagsskipinga. Me ynskjer Grimstad-gjengen hjarteleg velkomne til nynorskens skog! :)

Eit lite gruppefoto frå oppstartsmøtet. Foto: Vebjørn Sture

Posted in Organisasjon | Tagged , | 1 Comment

Sikringskost på skrivarstova

Kosthald er eit ynda tema for tida, med høgkarbo og lågturbo og alt kva det heiter. På skrivarstova vil me ikkje vera noko dårlegare, så her kjem ein kjapp gaid til korleis du får deg eit dugeleg måltid ut av litt kontorskapsrestar. I tre steg, til og med, så sjølv dei med svakt langtidsminne skal ha sjans til å hugsa!

Steg 1: Opna kjøleskåpet, og innsjå at det einaste brukande der inne er dei fire flaskene med halvgamal ketsjup.

Steg 1: Innsjå kjøleskåpsnederlaget

To veker gamal rullemarsipankake ER ikkje veldig delikat. Så høyrer det også med til soga at eg prøvde eit stykke av henne for ei veke sidan, og alt då var kaka så hard og turr at ho knapt var mogleg å tygga.

Steg 2: Miks i hop litt restespagetti og gamal ketsjup, og krydra herlegdomen med litt slumpande mengder restekrydder.

Steg 2: Lag maten.

Lag maten. Server gjerne med eit glas kaldt dispenservatn.

Steg 3: Tygg lenge, nyt smaken og la karbohydratane sildra nedover innsida av magesekken. Så er du klar til nok ein kveld attom spakene i styrehuset til kremen av norsk ungdom!

Steg 3: Sunn og frisk ungdom nyt eit næringsrikt og balansert måltid.

Då er det berre å la matlysta bera avgarde med deg! MMMMM!

Posted in Skrivarstova | Tagged , | 1 Comment

Marknadsføring

Her om dagen fekk me eit artig brev til skrivarstova. For berre 14,90/stk kunne me visst få nokre heilt fabelaktig flotte almanakkar med inngravert namn og alt mogleg. Eller som det stod i brevet: «Jeg har trykket NORSK MÅLUNGDOM navn på planleggeren i gull, slik at du kan se hvor imponerende denne fantastiske markedsføringen kan være når den rettes mot kunder, samarbeidspartnere og potensielle kjøpere.»

Det forlokkande reklamebrevet.

Det forlokkande reklamebrevet.

Til alt hell hadde dei lagt ved eit prøveeksemplar. Kanskje ikkje fullt så heldig var namnetrykket. Ikkje berre var det på bokmål (jfr. «fantastisk markedsføring» …), men me var attpåtil omdøypte til «NORSK MĹLUNGDOM», kva no enn det måtte tyda.

Gullskrift var der. Men bokstaven Å?

Gullskrift var der. Men bokstaven Å?

Innmaten var heller ikkje veldig tilpassa mottakaren. Det er unekteleg ganske morosamt å sjå nokon som skriv så fagert om imponerande og fantastisk marknadsføring, demonstrera det stikk motsette ved å tilby ein nynorskforkjempande organisasjon almanakkar på så å seia alle andre nordiske statsspråk enn nynorsk.

«Dæh, nynorsk, svensk, kva er liksom skilnaden ...»

«Dæh, nynorsk, svensk, kva er liksom skilnaden ...»

Strategien med å senda prøveeksemplar er rett nok ikkje ny. For ei tid tilbake fekk Kringkastingsringen (eg sit i styret der, om nokon lurer på korleis eg har fått denne sensitive innsideinformasjonen …) tilsendt ein reklamepenn, med noko som produsenten truleg må ha tenkt var eit forlokkande design. Og me kan jo ikkje anna enn å gje han rett!

Sjå og lær!

Sjå og lær!

Likevel, eg trur me køyrer på med det me av erfaring veit at fungerer. Den siste veka har me nemleg fått levert ikkje mindre enn 15 000 rykande ferske jakkemerke, i åtte ulike modellar! Fire av dei kjenner de kanskje til frå før, men dei andre fire er altså i ny drakt. Og no har me så mykje at me nesten kan bada i dei.

Hypp på jakkemerke?

Hypp på jakkemerke?

Alle skal få ... :)

Alle skal få ... :)

Posted in Skrivarstova | Tagged , , , , , , | Leave a comment