Sumarleiren 2013

Sjølv om Johanne og eg takka for oss på sumarleiren skal eg jobbe litt ut i juli. Eg tenkte difor eg ville nytte høve til å legge ut eit biletesamandrag frå sumarleiren. Dette til glede for dei som sjølv var der, men òg slik at dei som kanskje ynskjer å kome får eit innblikk i kva me gjer på sumarleir. Det er ikkje alt me har bilete av, so programmet kan til tider vere betre pekepinn. Om nokon skulle ynskje å nytte bileta kan de kreditere NMU.Hovdebygda

Sumarleiren var på Aasens heimstad i år. Hovdebygda i Ørsta. Me kom dit tidleg 9. juli og var der i 6 dagar.

 

FotballFotball

 

På leiren speler me mykje fotball. Både turnering med finale seinare i veka og me har fotballkurs. Etter tre sumarleirar kan eg med sikkerheit sei at nivået i år var svært høgt blant spelarane. Sjølvom ikkje alle (les: skrivaren sjølv). Likevel er det alltid like kjekt å vere med på turneringa, og alle nivå av dugleik er med. FotballMe hadde fire lag, dei to som ikkje spela kunne nytte høvet til å forsyne seg frå det populære saft/rfukt/kjeksbordet.

Me hadde eigen saft, frukt og kjeksbod

Me hadde eigen saft, frukt og kjeksbod. Den vart flittig bruka.

 

 

 

 

IMG_1125

Me hadde eigen saft, frukt og kjeksbod, dag to med telt.

IMG_1004

Mellom alt av program og på kvelden er det mykje frileik. Då badar me, syng enno meir, leikar med såpebobler, spelar spel (ligretto er ein slager), fortel skrøner, kjøper lodd, gjeng ein tur og mykje meir. IMG_1200

IMG_0891IMG_0862IMG_0745

 

T-skjorteverkstad. Me måla t-skjorter og handlenett med ymse motiv.

T-skjorteverkstad. Me måla t-skjorter og handlenett med ymse motiv.

 

 

 

 

 

På veg til Aasentunet

På veg til Aasentunet

 

 

 

 

 

 

 

På leir har me mange spanande innleiingar. I tillegg til desse har me kurs som er meir praktiske. Desse endar opp med resultat som de kan sjå her. Me har alt frå t-skjortemåling, leiravisverkstad, origami, perlekurs med meir. Me starte  emneknaggen #belivar i år, for dei som er treige skal du sjå etter IVAR, som i nynorskens far.

 

 

 

 

 

Den eine dagen drog med til Aasentunet. Det var stas. Der hadde Ottar Grepstad ei innleiing, so fekk me gå rundt i tunet og inne i museet på eigenhand. Etter dette fekk me servera ei god tomatsuppe, med brød. Me hadde høve til å handle i krambua, noko fleire nytta seg av. Tunpølsa var veldig populær, men òg bøker, t-skjorter og Ivar Aasen-bokserar. Fredrik Hope kjøpte seg til og med eit tuntre. Det kjem på eit bilete lengre nede.

I amfiet, Aasentunet

Gjengen i amfiet i Aasentunet

 

Tomatsuppe

Tunpølsa

Tunpølsa (Frå venstre: Vebjørn Sture, Eskil S. Løland, Ingrid Hovstad, Solveig Fitjar)

 

På sumarleir må me sjølvsagt på fjelltur. I år var det Helgehornet turen gjekk til. Det starta ganske so flatt, men me fekk tidsnok oppleve stigning i terrenget. Fjellet er 623 moh, og sjølv om skrivaren sjølv har vakse opp på omlag 600 moh kan ho sei seg einig i at det var luftig på toppen. utsikt

Katta Målungdom, (frå høgre Ingeborg S. Nes og Daniel F. Moen)

Katta Målungdom, (frå ventre: Ingeborg S. Nes og Daniel F. Moen)

(frå høgre Jorunn Thingnes, Synnøve Sætre og Solveig Aadland)

Lokalguide Terje Kjøde

Lokalguide Terje Kjøde, òg kjent som Sexy-Terje

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sjølv om det var bratt kom me alle opp til toppen. Me åt matpakka vår og skunda oss ned att. Me hadde med oss dart, volleyball og badminton, vindforhalda gjorde det noko vanskeleg å nytte oss at spela.

Fjellgjengen

Fjellgjengen

Dei som var att på skulen laga eit av dei kulaste bannera eg har sett. Før dei tok turen til Ivar Aasenstatuen i Ørsta sentrum.IMG_1320

 Då me kom heim att var festen i gong.

Me hadde alt!IMG_1327

  • Utdeling av medalje til vinnarlaget av fotballturneringa
  • Kåring av årets lokallag (Sunnhordland Målungdom)
  • Sentralstyreoveretaking med taler som fekk fleire til å felle ei tåre eller to. (På bilete ser du her tuntreet til Fredrik)
  • Me song, mykje!
  • Loddtrekking er eit MØST, som Vebjørn seier.
  • Me hadde sjølvsagt MELODIKAPPLEIK! Det kjekkaste på leir, meiner eg. Tekstane er mykje av høgare nivå no enn tidlegare! Vinnaren vart Vegar S. Opdahl med “Eg er kvit”, på Eurovision-låta «It’s My Life»
Sunnhordland Målungdom, årets lokallag 2013!

Sunnhordland Målungdom, årets lokallag 2013!

IMG_1343

IMG_1339

IMG_1360

Loddtrekking

Loddtrekking

Kristofer, Daniel og Yngve med kjærleikssong til Grete Faremo

Yngve og Åsmund

Yngve og Åsmund

Solveig

Solveig

Pensjonistane, Eva og Tone

Pensjonistane, Eva og Tone

JohnnyBæsj som Eskil kalla seg.

JohnnyBæsj som Eskil kalla seg.

Vebjørn song om tunpølsa.

Vebjørn song om tunpølsa.

Fredrik spela fele for oss.

Fredrik spela fele for oss.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

..og sjølvsagt, vinnarnummeret, Vegard med "Eg er kvit".

..og sjølvsagt, vinnarnummeret, Vegard med “Eg er kvit”.

No er me tilbake på kontoret etter ein av dei beste tilskipingane me har hatt i Norsk Målungdom. Det har vore ei heilt fantastisk veke, men mange, kjekke, nye andlet. Eg er svært glad for at me har ein so fin organisasjon med so mange bra folk! Sjølv om eg er ute av sentralstyret er eg trygg på at me etter neste tilskiping vil sei det same. Eg gler meg allereie til NORDISK UNGDOMSKONFERANSE 4.-6. oktober og vonar eg får sjå deg der!

Opplading til sumarleir, #5

Melodikappleiken. Det er kva me kallar han, den årlege NMU-varianten av eit slags miniatyr-granprix. Der er eit forunderleg sus over nettopp det namnet, og mindre vert det ikkje av å høyra røynde NMU-arar mimra tilbake til melodikappleikar på sumarleirar som har vore. Men samstundes er det også litt misvisande:

Kappleik er for så vidt greitt nok. Det er ein slags kappleik. Ein mangfaldig bukett av sumarleirdeltakarar stiller opp med sine respektive, ofte skrint førebudde bidrag. Dei syng med den nebben dei har, ein gong i mellom er det også nokre som vågar seg utpå med litt hurtig innøvd (og tilsvarande lite synkron) koreografi, og dei som har greie på det tek gjerne med seg gitaren opp på scena.

Men melodikappleik? Greia er at – med nokre få, heiderlege unnatak – er innslaga kokte i hop på formelen «velkjent melodi + ny tekst». Med andre ord er det ikkje så vanleg at kappleiken vert ei tevling om å laga den beste melodien, tvert om, her er det X-faktoren, sjarmen, punchline-frekvensen i teksten, og andre liknande kriterium som ofte gjev utslaget når ein vinnar skal kårast.

Likevel: Namnet speglar godt kva melodikappleiken handlar om. Det viktigaste er nemleg ikkje at den musikalske eller kunstnariske kvaliteten er i toppklasse, på same vis som det viktigaste ikkje er at namnet er hundre prosent presist reint språkleg. Det handlar om å hiva seg litt uti det, til glede og moro både for ein sjølv og for alle som ser på. Eg kan knappast tenkja meg ein betre måte å illustrera dette på, enn ved å hengja ut tidlegare leiar Maria og tidlegare landsstyremedlem Anne Guro, som med biletkomposisjon og mimikk tydeleg formidlar kva slags herleg uhøgtideleg og morosamt evenement melodikappleiken er. Sjå berre på dette blinkskotet frå sumarleiren 2009 på Elverum:

Maria og Anne Guro kombinerer song og spel under melodikappleiken 2009.

«Eg kjenne bare siddisåhrhr», skarra Maria Svendsen (t.v.) under melodikappleiken i 2009. Anne Guro Sture akkompagnerte med både gitar og eit merkbart stødigare andletsuttrykk. Foto: Krinken Visuelt™

 

Opplading til sumarleir, #4

Me har vore innom actionbilete frå fotballturneringa i 2008, solskinsbilete av transportskranglekassa frå 2010, og feststemning frå den vidgjetne hundreårsleiren i Sverige i 2005. Nok ein gong føretek me eit sjangerbyte, og denne gongen skal det handla om motar og trendar.

Me skal nemleg tilbake til 2007 denne gongen. Då sumarleiren var i Risør, og tydelegvis då det også var ein viss type solbriller som var usedvanleg godt utbreidde i det segmentet av folkesetnaden som femner om målpolitisk interesserte ungdomar.

Før me slepper biletmoroa laus, så må eg få orsaka – eller i det minste konstatera – at tidlegare leiar Jens Kihl figurerer for tredje gongen på fire oppladingsbilete. Rett nok var han statist i bakgrunnen på det fyrste, men ein viss overrepresentasjon må me vel vedgå at det er. På den andre sida: Du kan jo tolka det som eit hint, som ei slags målpolitisk produktplassering, fordi Jens Kihl er eit av trekkplastera til den makelause jubileumssumarleiren på Vinstra 5.-10 (har du meldt deg på, forresten? Det bør du!). Han skal nemleg stå for sjølvaste jubileumsquizen!

I mellomtida kan du nyta fotografiske prov på Jens, Trine og Bror sin innsats for å praktisera det internasjonale motebiletet på sumarleiren 2007:

Tre kjekke målungdomar viser fram solbrillemoten for 2007

Øvst frå venstre: Jens Kihl demonstrerer korleis du bruker solbriller samstundes som du et. Bror-Magnus Sviland Strand viser korleis du har på deg solbriller medan du smiler pent til kamera, medan Trine Østereng kombinerer solbrillebruk med eit interessert og lyttande andletsuttrykk. Merk også korleis alle tre har litt ulik fargenyanse i brilleglasa, slik at trente auge lett kan sjå at dei veit å skilja seg ut i aksessoir-vegen. Foto: Odin Omdal Hørthe

Opplading til sumarleir, #3

Ja, folkens, episode tre i den vesle biletføljetongen vår er endeleg her. Denne gongen skrur me klokka tilbake til retteleg gamle dagar, til den gongen då Kjell Magne Bondevik var stasminister. I dei tidene var 2011-russen framleis berre åttandeklassingar, klimaspørsmålet var framleis sjeldan på dagsorden utanfor naturfagsbøkene, Noreg låg tjue plassar under Sverige og Danmark på FIFA-rankinga, underskriftskampanjen Slepp nynorsken til! samla smått ufattelege 36 000 – trettiseks tusen – underskrifter for å opphevda nynorskforbodet i VG og Dagbladet og den nye Svinesundsbrua var rykande fersk. Eg snakkar med andre ord om 2005, året då Norsk Målungdom feira 100 års sjølvstende frå Sverige med å leggja sumarleiren til Marstrand i Kungälv kommun, utanfor Göteborg.

Som du ser er det mykje som har endra seg dei siste seks åra. Bondevik er historie, 2011-russen er russ, klimakampen har dundra og gått i lange tider, Noreg ligg (i alle fall til saman …) godt over tjue plassar høgare enn Sverige og Danmark, me har bytt underskriftskampanje med maskinomsetjing-av-nettutgåvene-til-VG-og-Dagbladet-kampanje, og dei som køyrer over Svinesundsbrua har snart fullførd ein tredel av bompengeperioden.

Sumt er likevel ved det gamle: Framleis skipar me til sumarleirar, framleis kulminerer dei i ein heidundrande sumarleirfest siste kvelden. Og framleis går dette føre seg ved at kremen av norsk ungdom kler seg i høvelege klede, med høvelege frisyrar og drikk høveleg appelsinbrus med fotofjeset parat. Sjå berre her:

Halldis og Jens er kledde til fest!

Her er i sanning det som på sidemål heiter «Kodak Moment». Legg særleg merke til Arild Rønsen-looken på skjorta til den kjekke (og den gongen også unge) herremannen til høgre!

Opplading til sumarleir, #2

Som eit lite avbrekk opp ei all sidemålsviraken presenterer me andre del i oppladingsserien av biletblogging fram mot den makelause jubileumssumarleiren på Vinstra 5.-10. juli som du berre MÅ melda deg på med det absolutt aller fyrste. Som sist er det bilete frå tidlegare sumarleirar som er tingen, og me byter motiv frå fotballturnering til logistikk. Leigebilane me ordnar oss til ulike tilskipingar er ofte av verneverdig karakter, og det museale klimakset kjem til vanleg nettopp på sumarleirane. Lat oss mimra litt tilbake til sumarleiren i Arendal i 2010, og den … unike … doningen som etter kort tid vart oppkalla etter den velkjende atomubåten Kursk:

Leigebilen me hadde under sumarleiren i Arendal i 2010.

Uran eller plutonium? Neimen om eg veit, men bilen minna farleg mykje om korleis engelskspråklege actionfilmar ville ha framstilt eit mobilt lagerhus for brenselsstavar i Murmansk. MEN, som alltid, det er det indre som tel: Bilen sveiv som berre juling, og frakta attpåtil sentrallekken heim til Oslo i tide til VM-finalen! (At den enorme storleiken seinare på kvelden avfødde ei parkeringsbot, får me heller sjå mellom fingrane ...)

Berre éi lita veke igjen …

… til vinterleir! Eg gler meg som ein liten unge, både til programpunkta, programpausane og – kanskje viktigast – å treffa alle dei kjekke folka som er påmelde! Og apropos det: Er du påmeldt?

Dersom ikkje: Det er klart, du kan la vera å koma, men vil du verkeleg sitja og stura resten av året fordi du ikkje fekk med deg vinterens desiderte høgdepunkt? Eg berre spør.

Og medan du tenkjer, kik litt på denne evigunge og ikkje så reint lite attråverdige herremannen som kjem på vinterleiren for å læra deg om målstoda i Wales:

Sigbjørn på vinterleiren i 2007 - han kjem i år òg!

Dette er altså Sigbjørn, tidlegare leiar i NMU, no er han telemarksforskar. Kan du motstå? Kan du?

Det kan i alle fall ikkje eg. Så då finn du meg – i lag med kremen av norsk ungdom – på Geilo frå og med neste fredag.