God jol og godt nyttår!

Jolekvelden nærmar seg, og sentralstyret tek seg snart ferie. Når me kjem attende er det 2011, sjølvaste jubileumsåret, men det fortener eit eige innlegg her på bloggen. I mellomtida kan de kosa dykk med nokre julesongar på nynorsk.

Visste du mellom anna at «Deilig er jorden» finst i nynorsk omsetjing under namnet «Fager er jordi»? Songen er kanskje ikkje like mykje nytta som «Det hev ei rose sprunge», men fin likevel! Ein annan fin, men kanskje mindre kjend julesong er «Kling no, klokka».

Dersom du svergar til på dialekt, er kanskje «Vårres jul» av Hans Rotmo noko av det finaste eg veit. «Vårres jul» som òg var namnet på plata, var faktisk den fyrste sekulære, eller ikkje-religiøse joleplata som vart gjeven ut i Noreg.

Den finaste nynorske julesongen er kanskje likevel «Det lyser i stille grender». Teksten er skriven av Jakob Sande, og sto opphaveleg på trykk i «Jul i Sunnfjord» med tittelen «Julekveld».

Dette og meir til finn du på heimesidene til Ivar Aasen-tunet.

God jol og godt nyttår frå Sentralstyret i Norsk Målungdom

Lars Vaular får Dialektprisen

Norsk Målungdom er stolte av å gi Dialektprisen 2010 til bergensrapparen Lars Vaular. Det skjedde i dag på Gimle festsal i Bergen. Janne var glad då eg snakka med henne på telefonen etterpå: “Alt gikk bra, og landsstyret har nok ein gong valt ein superhyggeleg prismottakar!”

Gratulerer, Lars!

Les meir i pressemeldinga frå Norsk Målungdom

Nynorsk i nettavisene- kva kan DU gjera?

Måndag lanserte me den nye kampanjen vår for nynorsk i nettavisene. Dersom du var rask, fekk du med deg både nynorskVG og nynorskDB før sistnemte vart teken ned.

Forbodet mot nynorsk i nettavisene er viktig, av di det hindrar folk over heile landet å sjå språket. Det er eit problem for alle som har nynorsk som språket sitt at me ikkje kan bruka det overalt, og det er eit problem for elevar og lærarar at elevane ikkje ser nok nynorsk til at dei klarer å læra det som sidemål. VG og Dagbladet er riksdekkjande, folkelege aviser, og burde representera folket. Det gjer dei ikkje no. Du kan lesa meir om kva me meiner her.

Det viktigaste nett no er at alle er med på kampanjen. Og det er mange ting du kan gjera!

  1. Les nynorskVG og sprei lenkja til alle du kjenner.
  2. Gå inn på nynorskDB og send ein e-post til Lars Helle for å oppmoda han til å sleppa til nynorsk i Dagbladet.
  3. Send ein e-post til skriv(alfakrøll)nynorsk(punkt)no og be om å få tilsendt klistermerke og la heimstaden din få vita kva du meiner.
  4. Få tak i flygeblad, banner, klistermerke og jakkemerke frå skrivarstova og aksjonér. Pass på at de seier ifrå til lokalavisa.
  5. Skriv eit lesarinnlegg til avisa.

Kom igjen, me vil sjå språket vårt i avisa!