About Tone

Sentralstyremedlem i Norsk Målungdom og økonomiansvarleg i Asker og Bærum Målungdom. Tidlegare skrivar og aktiv i studentmållaga i Nidaros og Oslo. Studerer arabisk og fransk på Universitetet i Oslo.

Sentralstyret på aksjon og målferd i Øystese

I dag er det nøyaktig 40 år sia dei første store elevstreikane for nynorske læremiddel vart sparka i gang på Øystese i Hardanger.

Difor var sentralstyret i Norsk Målungdom på jubileumsaksjon og -målferd på Øystese gymnas i dag. Her kan du sjå nokre bilete frå dagen:
CIMG2101
Feiring: Utstyrt med jakkemerke og godteri stilte me oss opp i kantina.
CIMG2125
Målferd: Vebjørn spreier den gode bodskapen til ein noko trøytt påbygg-klasse.
CIMG2138
Gruppebilete: Sentralstyret i nye genserar frå Øystese gymnas
CIMG2138
Snik-nynorskifisering: Eva snik inn litt nynorsk i dei elles så nynorskfrie vekeblada.
CIMG2147
…og litt flygeblad i hylla for ballholm

Lars Vaular får Dialektprisen

Norsk Målungdom er stolte av å gi Dialektprisen 2010 til bergensrapparen Lars Vaular. Det skjedde i dag på Gimle festsal i Bergen. Janne var glad då eg snakka med henne på telefonen etterpå: “Alt gikk bra, og landsstyret har nok ein gong valt ein superhyggeleg prismottakar!”

Gratulerer, Lars!

Les meir i pressemeldinga frå Norsk Målungdom