Berre éi lita veke igjen …

… til vinterleir! Eg gler meg som ein liten unge, både til programpunkta, programpausane og – kanskje viktigast – å treffa alle dei kjekke folka som er påmelde! Og apropos det: Er du påmeldt?

Dersom ikkje: Det er klart, du kan la vera å koma, men vil du verkeleg sitja og stura resten av året fordi du ikkje fekk med deg vinterens desiderte høgdepunkt? Eg berre spør.

Og medan du tenkjer, kik litt på denne evigunge og ikkje så reint lite attråverdige herremannen som kjem på vinterleiren for å læra deg om målstoda i Wales:

Sigbjørn på vinterleiren i 2007 - han kjem i år òg!

Dette er altså Sigbjørn, tidlegare leiar i NMU, no er han telemarksforskar. Kan du motstå? Kan du?

Det kan i alle fall ikkje eg. Så då finn du meg – i lag med kremen av norsk ungdom – på Geilo frå og med neste fredag.

Jubileumsåret er i gang med eit brak

Nyttårsrakettane bles for det meste bort i år, i alle fall i Stavanger, men kva gjer vel det når nynorskverda ordnar sitt eige fyrverkeri? Til helga skal arbeidsprogramnemnda i NMU møtast for å klekka ut ein slagplan for den komande arbeidsperioden – jubileumsarbeidsperioden. Og i mellomtida kan me la oss inspirera av at dei fleste ser ut til å gjera sitt beste for å gje jubileumsåret ein nynorsk rakettstart:

– Allkunne og Wikipedia er i tottane på kvarandre. Eller, meir presist: Allkunne er i tottane på Wikipedia. (Endå ei presisering: Fram til neste nyttår heiter det naturlegvis jubileumstottane)
– Olav H. Hauge-senteret i Ulvik har premiere i morgon (eller i dag, teknisk sett).
– … og i samband med at Forum for norskfaget føreslår éin felles karakter i norsk, har sjølvaste VG laga ei heilsidesak – på nynorsk! – med stort bilete av leiar-Janne. Jø og fyse!

Og endå skriv me berre 13. januar. Dette vert litt av eit år! (Eller jubileumsår, for å vera presis)

Men for å koma til det eigentlege poenget: Dersom du sit på ein genial idé (ein jubileumsidé …) som arbeidsprogramnemnda bør få med seg, så kan du til dømes leggja att ein (jubileums-)kommentar  her på (jubileums-)bloggen. Eg kan naturlegvis ikkje lova at alle innspel vert ukritisk inkorporerte i apo-framlegget, men eg garanterer at me skal sjå på det som kjem!

Enn så lenge: Stå på, fred ut og takk, Ivar Aasen.