Landsstyretmøte dag to!

Då er me atter samla på skrivarstova. Det nærmar seg slutten av landsstyretåret 2012/2013 og me arbeider med å vedta ny politikk for neste arbeidsperiode. No har me oppe arbeidsprogrammt for 2013/2014! Medan me sitt her på møterommet har me fantastisk hjelp på kjøkkenet, Maria diskar opp!

– Hjarteleg takk Maria <3

Jubileumsåret er i gang med eit brak

Nyttårsrakettane bles for det meste bort i år, i alle fall i Stavanger, men kva gjer vel det når nynorskverda ordnar sitt eige fyrverkeri? Til helga skal arbeidsprogramnemnda i NMU møtast for å klekka ut ein slagplan for den komande arbeidsperioden – jubileumsarbeidsperioden. Og i mellomtida kan me la oss inspirera av at dei fleste ser ut til å gjera sitt beste for å gje jubileumsåret ein nynorsk rakettstart:

– Allkunne og Wikipedia er i tottane på kvarandre. Eller, meir presist: Allkunne er i tottane på Wikipedia. (Endå ei presisering: Fram til neste nyttår heiter det naturlegvis jubileumstottane)
– Olav H. Hauge-senteret i Ulvik har premiere i morgon (eller i dag, teknisk sett).
– … og i samband med at Forum for norskfaget føreslår éin felles karakter i norsk, har sjølvaste VG laga ei heilsidesak – på nynorsk! – med stort bilete av leiar-Janne. Jø og fyse!

Og endå skriv me berre 13. januar. Dette vert litt av eit år! (Eller jubileumsår, for å vera presis)

Men for å koma til det eigentlege poenget: Dersom du sit på ein genial idé (ein jubileumsidé …) som arbeidsprogramnemnda bør få med seg, så kan du til dømes leggja att ein (jubileums-)kommentar  her på (jubileums-)bloggen. Eg kan naturlegvis ikkje lova at alle innspel vert ukritisk inkorporerte i apo-framlegget, men eg garanterer at me skal sjå på det som kjem!

Enn så lenge: Stå på, fred ut og takk, Ivar Aasen.