Fotokampanje!

Norsk Barneblad har sett i gong ein fotokampanje på den vide verdsveven. Fotokampanjen går ut på at DU skal ta bilete av noko som symboliserar nynorsk for deg; vera det Volvo 240, Ringdrotten eller ei vestlandslefse med kanel og sukker. For å ta del i kampanjen må du ta eit bilete og leggja det ut på Kvitter, Instagram eller Norsk Barneblads side på Andleteboka med emneknaggen #fotonynorsk. Me på Skrivarstova ser fram til å sjå alle dei fine bileta alle de kjekke menneska der ute deler på den vide verdsveven.

20130624_163825_1[1]

Døme frå påtroppande skrivar Eskil.

 

 

Isrosa

Isrosa produserer økologisk is med mange ulike smakar, både mjølkeis og fruktis.

Isen produserer dei av økologiske råvarer. Plommer, bjørnebær og bringebær kjøper dei av bønder i området som òg driv økologisk, medan mjølk, egg og rabarbra produserer dei sjølve. I tillegg til å vere ei økologisk verksemnd profilerer Isrosa seg på nynorsk! Dette er kjempeflott! Norsk Målungdom meiner fleire verksemnder i nynorske kjerneområder bør nytta nynorsk. Det var ein artikkel med Kristofer Olai Ravn Stavseng i Jærbladet, om nettopp dette, som de kan sjå under.Jærbladet

For å kome attende til Isrosa. Det er ikkje berre det at Isrosa nyttar nynorsk som gjer dei til ei god verksemnd, dei har sjølvsagt veldig god is! I Oslo finn du isen på Helios Colosseum, Helios Grünerløkka og Røtter på St. Hanshauisrosaisgen. Noko sentralstyret drog god nytte av då me hadde møte for nokre veker sidan. Du finn ikkje betre is! (Me åt òg kanelbollar som Johanne hadde laga)

 

 

Vebjørn – Le Chef

Vebjørn er frå no NMUs Chef som det heiter på sidemål! På sentralstyremøtet på tysdag diska han opp med dessert! Dette må sjølvsagt delast med heile verda, difor kjem det her eit bilete:

Nammiz

Banan, krem, sjokolade, (ve)bjørnebær og fargerike mini-dinosaurar <3

Som me seier, Vebjørn du er best! Sidan han er so god skal han få eit dikt av oss, det heiter «Vebjørn, Vebjørn»:

Vebjørn, Vebjørn fagre møy

på sentralstyremøta du lagar gøy

du diskar opp som ein chef

det er ikkje berre seff, seff!

Du er ein god og gamal mann

sentralstyret utan deg ikkje leve kan!

Landsstyretmøte dag to!

Då er me atter samla på skrivarstova. Det nærmar seg slutten av landsstyretåret 2012/2013 og me arbeider med å vedta ny politikk for neste arbeidsperiode. No har me oppe arbeidsprogrammt for 2013/2014! Medan me sitt her på møterommet har me fantastisk hjelp på kjøkkenet, Maria diskar opp!

– Hjarteleg takk Maria <3

Landsmøtenervar

No nærmar det seg landsmøte med stormskritt. Dette gjer at me i sentralstyret har mykje me skal rekke over på sentralstyremøta våre, og nokre gonger held me på ut i seine nattetimar. Då er det viktig at me passar på at alle kosar seg, og at humøret er på topp (sjølv om ikkje alltid humoren er det). I går hadde me «heimemøte» hjå skrivaren. Me åt spinatpai (må jau halde sentralstyret sunne og friske) og til dessert hadde me ymse frukt dyppa i sjokolade. NAM! Her kjem eit lite bilete frå gårsdagen for dei som lurar på korleis me har det på møta våre.

Frå venstre: Kristofer Olai Ravn Stavseng, Karl Peder Mork, Johanne Marie Kydland Torvund, handa til Vebjørn Sture. Fotograf: Anne Straume

Frå venstre: Kristofer Olai Ravn Stavseng, Karl Peder Mork, Johanne Marie Kydland Torvund, handa og litt av håret til Vebjørn Sture. Fotograf: Anne Straume

Snikkaren

I dag har me gjort alt me kan for å få det fint i stova før vårt vyrde landsstyre kom. Me har rydda og kasta søppel, vaska og skura, og ikkje minst har me hengt opp alle dei fine bileta våre. Det gjekk so lett når me har ein snikkar som leiar. Her har de eit bilete frå dagen:

Snikkaren

Snikkar Sture

Delar av Landsstyret som sitt sprikra foram framsyninga av Ut i vår hage

Delar av Landsstyret som sitt sprikra foran framsyninga av Ut i vår hage

Me snikra medan me hadde Byggmeister Bob på høgtalerane. Landsstyret vart so glade då dei såg dette. For å vise kor glade me er i dei har me no bake kake, og den et dei medan dei ser på Ut i vår hage. Flott stemning på landsstyremøtet dag 1. Følg med for oppdateringar om dag 2.

 

Marknadsføring

Her om dagen fekk me eit artig brev til skrivarstova. For berre 14,90/stk kunne me visst få nokre heilt fabelaktig flotte almanakkar med inngravert namn og alt mogleg. Eller som det stod i brevet: «Jeg har trykket NORSK MÅLUNGDOM navn på planleggeren i gull, slik at du kan se hvor imponerende denne fantastiske markedsføringen kan være når den rettes mot kunder, samarbeidspartnere og potensielle kjøpere.»

Det forlokkande reklamebrevet.

Det forlokkande reklamebrevet.

Til alt hell hadde dei lagt ved eit prøveeksemplar. Kanskje ikkje fullt så heldig var namnetrykket. Ikkje berre var det på bokmål (jfr. «fantastisk markedsføring» …), men me var attpåtil omdøypte til «NORSK MĹLUNGDOM», kva no enn det måtte tyda.

Gullskrift var der. Men bokstaven Å?

Gullskrift var der. Men bokstaven Å?

Innmaten var heller ikkje veldig tilpassa mottakaren. Det er unekteleg ganske morosamt å sjå nokon som skriv så fagert om imponerande og fantastisk marknadsføring, demonstrera det stikk motsette ved å tilby ein nynorskforkjempande organisasjon almanakkar på så å seia alle andre nordiske statsspråk enn nynorsk.

«Dæh, nynorsk, svensk, kva er liksom skilnaden ...»

«Dæh, nynorsk, svensk, kva er liksom skilnaden ...»

Strategien med å senda prøveeksemplar er rett nok ikkje ny. For ei tid tilbake fekk Kringkastingsringen (eg sit i styret der, om nokon lurer på korleis eg har fått denne sensitive innsideinformasjonen …) tilsendt ein reklamepenn, med noko som produsenten truleg må ha tenkt var eit forlokkande design. Og me kan jo ikkje anna enn å gje han rett!

Sjå og lær!

Sjå og lær!

Likevel, eg trur me køyrer på med det me av erfaring veit at fungerer. Den siste veka har me nemleg fått levert ikkje mindre enn 15 000 rykande ferske jakkemerke, i åtte ulike modellar! Fire av dei kjenner de kanskje til frå før, men dei andre fire er altså i ny drakt. Og no har me så mykje at me nesten kan bada i dei.

Hypp på jakkemerke?

Hypp på jakkemerke?

Alle skal få ... :)

Alle skal få ... 🙂

Opplading til sumarleir, #5

Melodikappleiken. Det er kva me kallar han, den årlege NMU-varianten av eit slags miniatyr-granprix. Der er eit forunderleg sus over nettopp det namnet, og mindre vert det ikkje av å høyra røynde NMU-arar mimra tilbake til melodikappleikar på sumarleirar som har vore. Men samstundes er det også litt misvisande:

Kappleik er for så vidt greitt nok. Det er ein slags kappleik. Ein mangfaldig bukett av sumarleirdeltakarar stiller opp med sine respektive, ofte skrint førebudde bidrag. Dei syng med den nebben dei har, ein gong i mellom er det også nokre som vågar seg utpå med litt hurtig innøvd (og tilsvarande lite synkron) koreografi, og dei som har greie på det tek gjerne med seg gitaren opp på scena.

Men melodikappleik? Greia er at – med nokre få, heiderlege unnatak – er innslaga kokte i hop på formelen «velkjent melodi + ny tekst». Med andre ord er det ikkje så vanleg at kappleiken vert ei tevling om å laga den beste melodien, tvert om, her er det X-faktoren, sjarmen, punchline-frekvensen i teksten, og andre liknande kriterium som ofte gjev utslaget når ein vinnar skal kårast.

Likevel: Namnet speglar godt kva melodikappleiken handlar om. Det viktigaste er nemleg ikkje at den musikalske eller kunstnariske kvaliteten er i toppklasse, på same vis som det viktigaste ikkje er at namnet er hundre prosent presist reint språkleg. Det handlar om å hiva seg litt uti det, til glede og moro både for ein sjølv og for alle som ser på. Eg kan knappast tenkja meg ein betre måte å illustrera dette på, enn ved å hengja ut tidlegare leiar Maria og tidlegare landsstyremedlem Anne Guro, som med biletkomposisjon og mimikk tydeleg formidlar kva slags herleg uhøgtideleg og morosamt evenement melodikappleiken er. Sjå berre på dette blinkskotet frå sumarleiren 2009 på Elverum:

Maria og Anne Guro kombinerer song og spel under melodikappleiken 2009.

«Eg kjenne bare siddisåhrhr», skarra Maria Svendsen (t.v.) under melodikappleiken i 2009. Anne Guro Sture akkompagnerte med både gitar og eit merkbart stødigare andletsuttrykk. Foto: Krinken Visuelt™

 

Opplading til sumarleir, #4

Me har vore innom actionbilete frå fotballturneringa i 2008, solskinsbilete av transportskranglekassa frå 2010, og feststemning frå den vidgjetne hundreårsleiren i Sverige i 2005. Nok ein gong føretek me eit sjangerbyte, og denne gongen skal det handla om motar og trendar.

Me skal nemleg tilbake til 2007 denne gongen. Då sumarleiren var i Risør, og tydelegvis då det også var ein viss type solbriller som var usedvanleg godt utbreidde i det segmentet av folkesetnaden som femner om målpolitisk interesserte ungdomar.

Før me slepper biletmoroa laus, så må eg få orsaka – eller i det minste konstatera – at tidlegare leiar Jens Kihl figurerer for tredje gongen på fire oppladingsbilete. Rett nok var han statist i bakgrunnen på det fyrste, men ein viss overrepresentasjon må me vel vedgå at det er. På den andre sida: Du kan jo tolka det som eit hint, som ei slags målpolitisk produktplassering, fordi Jens Kihl er eit av trekkplastera til den makelause jubileumssumarleiren på Vinstra 5.-10 (har du meldt deg på, forresten? Det bør du!). Han skal nemleg stå for sjølvaste jubileumsquizen!

I mellomtida kan du nyta fotografiske prov på Jens, Trine og Bror sin innsats for å praktisera det internasjonale motebiletet på sumarleiren 2007:

Tre kjekke målungdomar viser fram solbrillemoten for 2007

Øvst frå venstre: Jens Kihl demonstrerer korleis du bruker solbriller samstundes som du et. Bror-Magnus Sviland Strand viser korleis du har på deg solbriller medan du smiler pent til kamera, medan Trine Østereng kombinerer solbrillebruk med eit interessert og lyttande andletsuttrykk. Merk også korleis alle tre har litt ulik fargenyanse i brilleglasa, slik at trente auge lett kan sjå at dei veit å skilja seg ut i aksessoir-vegen. Foto: Odin Omdal Hørthe