Opplading til sumarleir, #5

Melodikappleiken. Det er kva me kallar han, den årlege NMU-varianten av eit slags miniatyr-granprix. Der er eit forunderleg sus over nettopp det namnet, og mindre vert det ikkje av å høyra røynde NMU-arar mimra tilbake til melodikappleikar på sumarleirar som har vore. Men samstundes er det også litt misvisande:

Kappleik er for så vidt greitt nok. Det er ein slags kappleik. Ein mangfaldig bukett av sumarleirdeltakarar stiller opp med sine respektive, ofte skrint førebudde bidrag. Dei syng med den nebben dei har, ein gong i mellom er det også nokre som vågar seg utpå med litt hurtig innøvd (og tilsvarande lite synkron) koreografi, og dei som har greie på det tek gjerne med seg gitaren opp på scena.

Men melodikappleik? Greia er at – med nokre få, heiderlege unnatak – er innslaga kokte i hop på formelen «velkjent melodi + ny tekst». Med andre ord er det ikkje så vanleg at kappleiken vert ei tevling om å laga den beste melodien, tvert om, her er det X-faktoren, sjarmen, punchline-frekvensen i teksten, og andre liknande kriterium som ofte gjev utslaget når ein vinnar skal kårast.

Likevel: Namnet speglar godt kva melodikappleiken handlar om. Det viktigaste er nemleg ikkje at den musikalske eller kunstnariske kvaliteten er i toppklasse, på same vis som det viktigaste ikkje er at namnet er hundre prosent presist reint språkleg. Det handlar om å hiva seg litt uti det, til glede og moro både for ein sjølv og for alle som ser på. Eg kan knappast tenkja meg ein betre måte å illustrera dette på, enn ved å hengja ut tidlegare leiar Maria og tidlegare landsstyremedlem Anne Guro, som med biletkomposisjon og mimikk tydeleg formidlar kva slags herleg uhøgtideleg og morosamt evenement melodikappleiken er. Sjå berre på dette blinkskotet frå sumarleiren 2009 på Elverum:

Maria og Anne Guro kombinerer song og spel under melodikappleiken 2009.

«Eg kjenne bare siddisåhrhr», skarra Maria Svendsen (t.v.) under melodikappleiken i 2009. Anne Guro Sture akkompagnerte med både gitar og eit merkbart stødigare andletsuttrykk. Foto: Krinken Visuelt™