Vil du vera med på laget?

Velkomen til eit nytt år med nye høve! I år vert 17. mars datoen for val av nye styre og utval i Norsk Målungdom, og det er denne kjekke gjengen som har ansvar for å få framlegga på plass. Valnemnda er i full gang med spørjing og graving etter jol, og me set stor pris på innspel om du veit om nokon som bør sitja anten i landsstyret eller sentralstyret i NMU. Kanskje har du til og med lyst sjølv?

Landsstyret har møte 5 gonger i året, og er det øvste politiske organet i NMU. Her ynskjer me å ha alle slags målungdomar frå heile landet representerte. Reise til møta vert dekt, og vervet gjev gyldig politisk fråvere frå skulen. Sentralstyret har møte og dugnad éin gong i veka, og har ansvar for den daglege drifta av organisasjonen. Å sitja i eit organisasjonsstyre er ingen dum idé, sidan det gjev deg mange nye vener og verdifull rønsle som du tek med deg vidare.

 Ta gjerne kontakt med oss om kva det måtte vera. Du får tak i oss ved å senda e-post eller ringja til maria(a)nynorsk.no / 984 49 607 eller eva(a)nynorsk.no / 971 49 323.

Sjølvbilete av valnemnda: Eva Holthe Enoksen, Vegard Storsul Opdahl, Maria Svendsen og Bror-Magnus Sviland Strand (vara). Tone Rossow (vara) var ikkje til stade

Naturfagsordlista

Bror-Magnus Sviland Strand, Eva Holthe Enoksen, Kristian Weibye og eg har slått oss saman om prosjektet med å laga ei naturfagsordliste som skal dekkja biologi, kjemi og fysikk på bachelornivå. Me hadde vårt fyrste nemndsmøte i sentralstyrebilen (“Kursk”) på veg heim frå sumarleir sundag ettermiddag, og er alt godt i gang med alle vala og førebuingane som skal til før me kan starta arbeidet med sjølve ordhandsaminga. Med på laget har me Odin Hørthe Omdal som skal utvikla mjukvare til arbeidet.

Du kan fylgja arbeidet vårt på ordlistebloggen: http://ord.nynorsk.no/

Me har i utgangspunktet sett føre oss at arbeidet skal vara i eit og eit halvt år. Fram mot jol 2011 skal me laga ei pilotordliste med dei mest sentrale orda frå fagfelta, og få attendemeldingar på denne til det vidare arbeidet. Me vert glade for alle som vil engasjera seg i arbeidet på den eine eller andre måten. Du kan starta med å leggja att ein kommentar på bloggen vår!

Naturfagsordlistegjengen: Maria Svendsen, Bror-Magnus Sviland Strand, Eva Holthe Enoksen, Kristian Weibye.

Opplading til sumarleir, #4

Me har vore innom actionbilete frå fotballturneringa i 2008, solskinsbilete av transportskranglekassa frå 2010, og feststemning frå den vidgjetne hundreårsleiren i Sverige i 2005. Nok ein gong føretek me eit sjangerbyte, og denne gongen skal det handla om motar og trendar.

Me skal nemleg tilbake til 2007 denne gongen. Då sumarleiren var i Risør, og tydelegvis då det også var ein viss type solbriller som var usedvanleg godt utbreidde i det segmentet av folkesetnaden som femner om målpolitisk interesserte ungdomar.

Før me slepper biletmoroa laus, så må eg få orsaka – eller i det minste konstatera – at tidlegare leiar Jens Kihl figurerer for tredje gongen på fire oppladingsbilete. Rett nok var han statist i bakgrunnen på det fyrste, men ein viss overrepresentasjon må me vel vedgå at det er. På den andre sida: Du kan jo tolka det som eit hint, som ei slags målpolitisk produktplassering, fordi Jens Kihl er eit av trekkplastera til den makelause jubileumssumarleiren på Vinstra 5.-10 (har du meldt deg på, forresten? Det bør du!). Han skal nemleg stå for sjølvaste jubileumsquizen!

I mellomtida kan du nyta fotografiske prov på Jens, Trine og Bror sin innsats for å praktisera det internasjonale motebiletet på sumarleiren 2007:

Tre kjekke målungdomar viser fram solbrillemoten for 2007

Øvst frå venstre: Jens Kihl demonstrerer korleis du bruker solbriller samstundes som du et. Bror-Magnus Sviland Strand viser korleis du har på deg solbriller medan du smiler pent til kamera, medan Trine Østereng kombinerer solbrillebruk med eit interessert og lyttande andletsuttrykk. Merk også korleis alle tre har litt ulik fargenyanse i brilleglasa, slik at trente auge lett kan sjå at dei veit å skilja seg ut i aksessoir-vegen. Foto: Odin Omdal Hørthe