WORDFEUD PÅ NYNORSK

Her på kontoret er me like glade som alle andre for at me no kan spele wordfeud på nynorsk. Me speler natt og dag, og det er ei intens tevling om kven som er best. For alle som lurar er det ikkje Vebjørn, men meg! Her har de prov!

Kan òg avsløre at tidlegare leiar, Janne, ikkje er så god i spelet ho heller, når ho speler mot meg. Sjølvutnemd meister!

Jølstratur med sentralstyret

Ein gong i halvåret samlar NMU-sentralstyret seg ei helg for å gå gjennom arbeidsmåtar, skolera seg, lada nynorskbatteria litt og planleggja arbeidet i tida som kjem. Denne gongen nytta det nye sentralstyret høvet til å leggja samlinga til Jølster i Sunnfjord – heimbygda til NMU-leiar Janne Nygård! Dei konkrete resultata får de sjå utover hausten og vinteren, men i mellomtida kan de kosa dykk med litt fotografisk dokumentasjon.

Ferja Fodnes - Mannheller

Då me såg utsikta gjekk det opp for oss at me ville få veldig fine gruppebilete dersom me stilte oss i vegen for henne. Så då vart det fotoseanse.

Ferja Fodnes - Mannheller

Men det er naturlegvis avgrensa kor lenge me evnar å halda maska.

Ferja Fodnes - Mannheller

Dagens best kledde: Baksetet i bilen, som tilsynelatande hadde bytt klesdrakt med leiar-Janne.

Ferja Mannes - Fodheller

For eit stakka sekund evna me å halda maska igjen.

Ferja Fodheller - Mannes

... men lenge vara det ikkje.

Mannheller: Fodnes - Ferja

Me prøvde å plukka reint baksetet for skabb. Heilt til me innsåg at det var leiaren som skjulte seg inni leopardpelsen.

Jølstravatnet

Vel framme i Jølster kunne me konstatera at den fremste kvaliteten kommunen ynskjer å framheva seg sjølv med, er at Jølster er i eit fylke ...

Jølstravatnet

Men jammen er Jølster flott, kva?

Astruptunet, Jølster

Det er vel ikkje utan grunn at dei kallar Sogn og fjordane for «Trivselsfylket»

Astruptunet, Jølster

Sopp veks der òg. Noko som ganske raskt førde til litt «strekk i feltet», som det heiter på fint.

Jølstruptunet, Aster

På laurdagen tok me oss ein tur til Astruptunet, der Janne pla jobba om sumrane.

Astrupjølster, Tunet

Vel inne på Astruptunet var jamvel stearinljosa strategisk plasserte.

Jølstertunet, Astrup

«Er kvardagen grå og skivene slappe? Legg om til nynorsk, og bøy nokre kjappe (verb)!»

Tunstrupet, Stjølaster

Leiar-maten

Strupalsterjøl, Tenut

«Jølstralappen». Gjeld langs heile sørsida av Jølstravatnet.

Lars Vaular får Dialektprisen

Norsk Målungdom er stolte av å gi Dialektprisen 2010 til bergensrapparen Lars Vaular. Det skjedde i dag på Gimle festsal i Bergen. Janne var glad då eg snakka med henne på telefonen etterpå: “Alt gikk bra, og landsstyret har nok ein gong valt ein superhyggeleg prismottakar!”

Gratulerer, Lars!

Les meir i pressemeldinga frå Norsk Målungdom