Opplading til sumarleir, #7

No er det mindre enn tre dagar igjen til sumarleiren, og oppladingsserien nærmar seg såleis slutten. Med mindre eg snublar over eit knakande godt bilete i morgon eller på måndag, kan de vel nesten rekna dette som sjølve kulminasjonen av biletoppladinga vår. Og kven skal få æra av å pryda det sjuande oppladingsbiletet? Jau, det skal tidlegare NMU-leiar Sigbjørn Hjelmbrekke, eller Siggen-piggen, som han heiter mellom vener.

Grunnen er ganske enkel: Trass i at det er seks år sidan han gjekk av som leiar, går det framleis gjetord om den nært legendariske vegarbeidarjakka som Sigbjørn ynda å kle seg i. Kva som var lekrast av den blå-oransje fargekomboen eller dei breie refleksstripene får vera opp til kvar enkelt å vurdera, men det gjorde seg no i alle fall ekstra godt i møte med omverda, når føremålet var å synleggjera organisasjonen … Som til dømes på biletet under, henta frå ein aksjon under sumarleiren i Sandefjord i 2004.

Ville du teke i mot eit flygeblad frå denne mannen? Sjølvsagt ville du det! Frå venstre: Tidl. landsstyremedlem Veslemøy Oma, tidl. leiar Sigbjørn Hjelmbrekke og tidl. landsstyremedlem og gitarist Erling Lorentsen Sogge. Legg serleg merke til korleis Siggen kombinerer fengselssveis, sidelommebukse og tøflar med sokk i på sedvanleg moterett vis. Foto: Synnøve Midtbø Myking

Nynorsk i nettavisene- kva kan DU gjera?

Måndag lanserte me den nye kampanjen vår for nynorsk i nettavisene. Dersom du var rask, fekk du med deg både nynorskVG og nynorskDB før sistnemte vart teken ned.

Forbodet mot nynorsk i nettavisene er viktig, av di det hindrar folk over heile landet å sjå språket. Det er eit problem for alle som har nynorsk som språket sitt at me ikkje kan bruka det overalt, og det er eit problem for elevar og lærarar at elevane ikkje ser nok nynorsk til at dei klarer å læra det som sidemål. VG og Dagbladet er riksdekkjande, folkelege aviser, og burde representera folket. Det gjer dei ikkje no. Du kan lesa meir om kva me meiner her.

Det viktigaste nett no er at alle er med på kampanjen. Og det er mange ting du kan gjera!

  1. Les nynorskVG og sprei lenkja til alle du kjenner.
  2. Gå inn på nynorskDB og send ein e-post til Lars Helle for å oppmoda han til å sleppa til nynorsk i Dagbladet.
  3. Send ein e-post til skriv(alfakrøll)nynorsk(punkt)no og be om å få tilsendt klistermerke og la heimstaden din få vita kva du meiner.
  4. Få tak i flygeblad, banner, klistermerke og jakkemerke frå skrivarstova og aksjonér. Pass på at de seier ifrå til lokalavisa.
  5. Skriv eit lesarinnlegg til avisa.

Kom igjen, me vil sjå språket vårt i avisa!