Organisasjonsøkonomi, ikkje akkurat ein kioskveltar

Hei, eg heiter Eva, og eg er økonomiansvarleg i målungdomen. Når eg ikkje skriv på denne bloggen spesielt ofte, handlar det ikkje om at eg ikkje likar bloggen, konseptet blog eller at verda skal få vita meir om kva som skjer i sentralstyret (dersom dei vil det, då). Det er heller ikkje noko forsøk på å sabotera eit ypperleg intiativ. Men skal eg vera ærleg (og det bør ein jo), veit eg ikkje heilt kva eg skal skriva om. Som økonomiansvarleg har eg det ærefulle og tidvis frustrasjonsskapande oppdraget å føra rekneskap og halda økonomien under oppsyn.

Eg koser meg når eg fører rekneskap, kanskje spesielt når eg har tid nok, folk har vore flinke til å levera kvitteringane sine og alt stemmer. Eg skal ærleg innrømma at det ikkje er like morosamt når dei som leverer tenester til oss klarer å skriva at dei skal fakturera oss for eitt øre meir enn det dei faktisk trekk frå kontoen. Korleis er det i det heile teke mogleg?

Når eg no har skrive to avsnitt om økonomien, forstår de gjerne kvifor eg ikkje skriv her spesielt ofte. Organisasjonsøkonomi vert nok aldri ein kioskveltar. Dersom du derimot treng nokon som kan hjelpa deg med å lesa over ein frifondsøknad, forklara kredit og debit eller setja opp eit budsjett for lokallaget, då er eg rett kvinne. Det finst alltid ein bilagsperm* å sortera medan eg ventar.

*Perm me oppbevarer dokumentasjon, dvs kvitteringar/rekningar på innkomene/utlogene i rekneskapen.

God jol og godt nyttår!

Jolekvelden nærmar seg, og sentralstyret tek seg snart ferie. Når me kjem attende er det 2011, sjølvaste jubileumsåret, men det fortener eit eige innlegg her på bloggen. I mellomtida kan de kosa dykk med nokre julesongar på nynorsk.

Visste du mellom anna at «Deilig er jorden» finst i nynorsk omsetjing under namnet «Fager er jordi»? Songen er kanskje ikkje like mykje nytta som «Det hev ei rose sprunge», men fin likevel! Ein annan fin, men kanskje mindre kjend julesong er «Kling no, klokka».

Dersom du svergar til på dialekt, er kanskje «Vårres jul» av Hans Rotmo noko av det finaste eg veit. «Vårres jul» som òg var namnet på plata, var faktisk den fyrste sekulære, eller ikkje-religiøse joleplata som vart gjeven ut i Noreg.

Den finaste nynorske julesongen er kanskje likevel «Det lyser i stille grender». Teksten er skriven av Jakob Sande, og sto opphaveleg på trykk i «Jul i Sunnfjord» med tittelen «Julekveld».

Dette og meir til finn du på heimesidene til Ivar Aasen-tunet.

God jol og godt nyttår frå Sentralstyret i Norsk Målungdom

Nynorsk i nettavisene- kva kan DU gjera?

Måndag lanserte me den nye kampanjen vår for nynorsk i nettavisene. Dersom du var rask, fekk du med deg både nynorskVG og nynorskDB før sistnemte vart teken ned.

Forbodet mot nynorsk i nettavisene er viktig, av di det hindrar folk over heile landet å sjå språket. Det er eit problem for alle som har nynorsk som språket sitt at me ikkje kan bruka det overalt, og det er eit problem for elevar og lærarar at elevane ikkje ser nok nynorsk til at dei klarer å læra det som sidemål. VG og Dagbladet er riksdekkjande, folkelege aviser, og burde representera folket. Det gjer dei ikkje no. Du kan lesa meir om kva me meiner her.

Det viktigaste nett no er at alle er med på kampanjen. Og det er mange ting du kan gjera!

  1. Les nynorskVG og sprei lenkja til alle du kjenner.
  2. Gå inn på nynorskDB og send ein e-post til Lars Helle for å oppmoda han til å sleppa til nynorsk i Dagbladet.
  3. Send ein e-post til skriv(alfakrøll)nynorsk(punkt)no og be om å få tilsendt klistermerke og la heimstaden din få vita kva du meiner.
  4. Få tak i flygeblad, banner, klistermerke og jakkemerke frå skrivarstova og aksjonér. Pass på at de seier ifrå til lokalavisa.
  5. Skriv eit lesarinnlegg til avisa.

Kom igjen, me vil sjå språket vårt i avisa!