Organisasjonsøkonomi, ikkje akkurat ein kioskveltar

Hei, eg heiter Eva, og eg er økonomiansvarleg i målungdomen. Når eg ikkje skriv på denne bloggen spesielt ofte, handlar det ikkje om at eg ikkje likar bloggen, konseptet blog eller at verda skal få vita meir om kva som skjer i sentralstyret (dersom dei vil det, då). Det er heller ikkje noko forsøk på å sabotera eit ypperleg intiativ. Men skal eg vera ærleg (og det bør ein jo), veit eg ikkje heilt kva eg skal skriva om. Som økonomiansvarleg har eg det ærefulle og tidvis frustrasjonsskapande oppdraget å føra rekneskap og halda økonomien under oppsyn.

Eg koser meg når eg fører rekneskap, kanskje spesielt når eg har tid nok, folk har vore flinke til å levera kvitteringane sine og alt stemmer. Eg skal ærleg innrømma at det ikkje er like morosamt når dei som leverer tenester til oss klarer å skriva at dei skal fakturera oss for eitt øre meir enn det dei faktisk trekk frå kontoen. Korleis er det i det heile teke mogleg?

Når eg no har skrive to avsnitt om økonomien, forstår de gjerne kvifor eg ikkje skriv her spesielt ofte. Organisasjonsøkonomi vert nok aldri ein kioskveltar. Dersom du derimot treng nokon som kan hjelpa deg med å lesa over ein frifondsøknad, forklara kredit og debit eller setja opp eit budsjett for lokallaget, då er eg rett kvinne. Det finst alltid ein bilagsperm* å sortera medan eg ventar.

*Perm me oppbevarer dokumentasjon, dvs kvitteringar/rekningar på innkomene/utlogene i rekneskapen.

3 thoughts on “Organisasjonsøkonomi, ikkje akkurat ein kioskveltar

  1. I gar gjekk det opp for meg at eg ikkje kan skriva nynorsk ordentleg utan a sla opp heile tida. ving gj r meister og det a kunne skriva like godt pa begge malformar ma vaera eit mal for ein sprak-n rd som meg..Ok eg ikkje verdsmeister enno og eg skriv sikkert ein masse fel. Kan ikkje nokon av dei nynorskfrelste venene mine gi lyd fra seg om eg skal rette opp i noko?…………….Publisert i 14 kommentarer…..

  2. Eg veit ikkje om eg kjem til a skriva noko meir her framover men ein veit jo aldri……Posted by.Kjetil…klokka. .sa…….Det er ikkje det at eg er usikker det er vel meir det at eg ikkje skriv noko nar eg ikkje er inspirert til a skriva noko. Og eg trur ikkje det er spesielt fornuftig at lesarane skal planleggja det for meg heller.

  3. Eg veit ikkje om eg kjem til a skriva noko meir her framover men ein veit jo aldri……Posted by.Kjetil…klokka. .sa…….Det er ikkje det at eg er usikker det er vel meir det at eg ikkje skriv noko nar eg ikkje er inspirert til a skriva noko.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *