Læreplansiger!

Læreplanen i norsk vart offentleggjort tidlegare i dag.  Marit Aakre Tennø, leiar i Mållaget, og Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, satt på gjerde og venta på pressemelding frå kunnskapsdepartementet.Marit og Vebjørn

Vebjørn med mozell

Det er litt av kvart å juble for i den nye læreplanen, her er noko av det me jublar over i dag:

– likestilte kompetansemål for bokmål og nynorsk,

– tidlegare start med sidemål. Lesing og lytting heilt frå starten, eksperimenterande skriving frå 5. trinn. Me bad om 4. trinn, men det er uansett fleire steg i rett retning,

– eigen sidemålskarakter på 10. trinn og VG3,

– betre grunngjeving for sidemål i føremålsteksten.

Dette er ein læreplan på rett veg, med mykje NMU-politikk på mange område. Me har vore både i avis og på radio i dag. Det har vore god stemning på skrivarstova og me feira læreplanen i lunsjen med sushi og mozell.

Brev til kunnskapsministeren

I byrjinga av mai sende Språkrådet ei bekymringsmelding til kunnskapsministeren. Emnet var utkastet til ny læreplan i norsk, som Språkrådet – statens fagorgan i språkspørsmål – meinte er i strid med stortingsvedteken politikk. Éi av Språkrådet sine innvendingar var at det å fjerna sidemålskarakteren ville vera med på å svekkja nynorskens status.

Dette har tydelegvis falle Landslaget for Norskundervisning (LNU) – som kjempar for at det ikkje skal vera eigen standpunktkarakter i sidemål – tungt for brystet. Dei sende eit slags «svar» på Språkrådet sine innvendingar til kunnskapsministeren i går.

I utgangspunktet har NMU levert høyringsfråsegn i saka, men i brevet sitt leverer LNU ein del påstandar som treng opprydding. Me har difor sendt eit brev med nokre oppklaringar til kunnskapministeren. Brevet kan du lesa her.