Ufriviljug humor per tekstmelding

Medan debatten går i Klassekampen om kor fæle nynorskfolk er til å kjefta og klaga på kvarandre, har eg hatt eit lesarbrev om sidemål på trykk i Stavanger Aftenblad. Og reaksjonen kom relativt raskt – her er ei tekstmelding eg fekk 16.28 i ettermiddag, som eg må innrømma at fekk meg til å trekkja godt på smilebandet:

Jeg viser til ditt innlegg i Stavanger Aftenblad i dag. Nynorsk er en pest og en plage og slike som deg burde flytte til fjells hvor dere kan knote sammmen hele dagen på dette grusomme målet. Mvh/(fullt namn)

Eg veit ikkje heilt kva som er løgnast: At ein 51 år gamal mann (med flott stillingstittel og høg løn) synest det er heilt på sin plass å spora opp og senda slike tekstmeldingar til ungdomar som engasjerer seg i organisasjonslivet? Eller det lett paradoksale uttrykket frustrasjonen tek i det avsendaren lirer av seg krinsrekord i usakleg innhald, pakka inn i ei forunderleg sober form (“med vennlig hilsen” og fullt namn, liksom)?

Uan-z: Etter å ha humra litt for meg sjølv, tenkte eg at eg måtte jo vera høfleg og skriva tilbake. Så vår ven fekk litt smiger per SMS i retur:

Takk for omtanken, men eg trivest godt med å bruka nynorsk i urbane omgjevnader. Og dersom eg hadde flytt til fjells, ville eg jo gått glipp av alle dei konstruktive tilbakemeldingane frå storsinna kjernekarar som deg. <3
Varme målhelsingar frå Vebjørn

Korrespondansen har inntil vidare stoppa der. I mellomtida: Skulle det vera fleire nynorskhatarar med utblåsingsbehov der ute, så er eg tilgjengeleg på 924 16 527. Ver merksam på at innsende meldingar kan hamna ute på verdsveven, men eg skal ikkje publisera namn. Trur eg. 😉