Eit sterkare norskfag – for alle

Det har lenge vore varsla ei endring i korleis norskfaget i skulen skal verte organisert, og Utdanningsdirektoratet har endeleg kome med sine framlegg til korleis faget kan gå styrkt ut av ei slik endring – på oppdrag av kunnskapsminister Halvorsen. Norsk Målungdom meiner at fleire framlegg ser fine ut, men at nokre av framlegga er direkte farlege for nynorsken og stikk i strid med det regjeringspartia gjekk til val på.

Norsk Målungdom vil arbeide for at nynorskopplæringa skal verte betre og halde høgare kvalitet enn ho gjer i dag, og meiner ikkje at løysinga på problemet er å kutte i undervisning, eksamen og ambisjonsnivå. Framlegget til Utdanningsdirektoratet om å slå saman sidemåls- og hovudmålskarakteren, tone ned sidemålsdelen av karakteren og fjerne eksamen på ungdomsskulen er det motsette av å styrkje sidemålet – og det vil i stor grad ramme nynorsken.

Eg tvilar ikkje på at Halvorsen sin intensjon er at denne endringa skal kome elevar med nynorsk som hovudmål til gode, sidan dei då får tid til å arbeide meir med hovudmålet sitt. Problemet er berre at denne type argumentasjon er gamaldags og utdatert. Ein vert ikkje automatisk betre i eit språk ved å kutte ut andre språk, det er òg andre faktorar som spelar inn. Desse moglege endringane i norskfaget vil i praksis minske statusen til nynorsk. Dette er ikkje eit gode for nynorskelevane. Tvert om!

Vi er tente med at alle elevar i Noreg kan lese, skrive og forstå både nynorsk og bokmål. Nynorskelevar har òg rett til å få sin dose bokmålsopplæring og å få kompetansen sin festa på vitnemålet, serleg i eit så bokmålsdominert samfunn og arbeidsliv som vi har i dag.

Fleire såkalla positive sidemålsforsøk med mellom anna bruk av nynorske lærebøker i andre fag enn norsk for bokmålselevar har synt oss at det er mogleg – og at god undervisning har både auka kunnskapen og viljen til å lære begge språka. Meir og betre sidemålsundervisning gjer at elevane lærer meir og får betre haldningar.

Ikkje kutt i kunnskap – vi vil lære meir, ikkje mindre!

Populisme frå Ødegaard

Skulebyråd i Oslo, Torger Ødegaard (H), trugar med å søkje Utdanningdirektoratet om at alle elevar i osloskulen skal få sleppe å lære skriftleg sidemål for å bli betre til å skrive norsk. Han meiner at “nynorsk litteratur og kultur bør læres muntlig, og dermed vil flere dyktiggjøre seg i skriftlig norsk.” ifylgje Aftenposten.

Dette seier Ødegaard sjølv om Utdanningsdirektoratet har sagt klårt i frå om at søknader om slike forsøk ikkje vert innvilga. Dessutan har det sitjande bystyret allereie i 2008 sagt klårt ifrå om at dei heller vil satse på å styrkje sidemålsopplæringa i staden for å kutte ho ut eller gjere ho “valfri”. Dette veit Ødegaard. Kvifor lovar han veljarane sine noko han ikkje kan halde? Dette er populisme og ikkje praktisk og framtidsretta politikk.

Det vert ofte vist til resultata av det såkalla “Oslo-forsøket” der nokre vidaregåande skular i Oslo fekk fritak frå skriftleg sidemål. Dette forsøket er vorte kritisert, funna er ikkje eintydige og forskingsinstitusjonen som utførte evalueringa av forsøket, NIFU-step, sa sjølv at dei ikkje var kvalifiserte til det og åtvara mot at denne rapporten vart brukt politisk.

I 2008 gjorde bystyret i Oslo eit vedtak om å styrkje sidemålsopplæringa. Så går det sjølvsagt an å setje eit spørsmålsteikn ved kva Oslo kommune eigentleg har gjort dei siste fire åra for å gje sidemålsopplæringa eit løft. Svaret er: Dei har ikkje løfta ein finger.