Jølstratur med sentralstyret

Ein gong i halvåret samlar NMU-sentralstyret seg ei helg for å gå gjennom arbeidsmåtar, skolera seg, lada nynorskbatteria litt og planleggja arbeidet i tida som kjem. Denne gongen nytta det nye sentralstyret høvet til å leggja samlinga til Jølster i Sunnfjord – heimbygda til NMU-leiar Janne Nygård! Dei konkrete resultata får de sjå utover hausten og vinteren, men i mellomtida kan de kosa dykk med litt fotografisk dokumentasjon.

Ferja Fodnes - Mannheller

Då me såg utsikta gjekk det opp for oss at me ville få veldig fine gruppebilete dersom me stilte oss i vegen for henne. Så då vart det fotoseanse.

Ferja Fodnes - Mannheller

Men det er naturlegvis avgrensa kor lenge me evnar å halda maska.

Ferja Fodnes - Mannheller

Dagens best kledde: Baksetet i bilen, som tilsynelatande hadde bytt klesdrakt med leiar-Janne.

Ferja Mannes - Fodheller

For eit stakka sekund evna me å halda maska igjen.

Ferja Fodheller - Mannes

... men lenge vara det ikkje.

Mannheller: Fodnes - Ferja

Me prøvde å plukka reint baksetet for skabb. Heilt til me innsåg at det var leiaren som skjulte seg inni leopardpelsen.

Jølstravatnet

Vel framme i Jølster kunne me konstatera at den fremste kvaliteten kommunen ynskjer å framheva seg sjølv med, er at Jølster er i eit fylke ...

Jølstravatnet

Men jammen er Jølster flott, kva?

Astruptunet, Jølster

Det er vel ikkje utan grunn at dei kallar Sogn og fjordane for «Trivselsfylket»

Astruptunet, Jølster

Sopp veks der òg. Noko som ganske raskt førde til litt «strekk i feltet», som det heiter på fint.

Jølstruptunet, Aster

På laurdagen tok me oss ein tur til Astruptunet, der Janne pla jobba om sumrane.

Astrupjølster, Tunet

Vel inne på Astruptunet var jamvel stearinljosa strategisk plasserte.

Jølstertunet, Astrup

«Er kvardagen grå og skivene slappe? Legg om til nynorsk, og bøy nokre kjappe (verb)!»

Tunstrupet, Stjølaster

Leiar-maten

Strupalsterjøl, Tenut

«Jølstralappen». Gjeld langs heile sørsida av Jølstravatnet.

Ein litt annleis bursdag

I dag, 3. august, er det 50 år sidan Norsk Målungdom vart skipa. I utgangspunktet tenkte me å markera 50-årsdagen med eit realt lurveleven av aksjonar, kake, fest og moro. Men av grunnar som de alle kjenner til, er stemninga både i organisasjonen og samfunnet elles framleis nokså dempa, og det kjentest ikkje rett å gjennomføra feiringa nett slik me tenkte før sumaren.

Så då gjer me det litt annleis. Jubileumsdagen i dag brukar me til å markera engasjementet og samhaldet på tvers av ungdomsorganisasjonane. Difor samlar me oss til ei lita markering på Teaterplassen i Oslo, rett utanfor Skrivarstova, klokka 15 i ettermiddag. Der legg me ned litt blomar, seier nokre ord, og så set me oss ned på Oslo Mek for triveleg lag og sosialt samvere etterpå.

Alle er velkomne, målungdom eller ikkje, unge og vaksne. Du kan gjerne ta med ein ven eller ein blome, men du er naturlegvis like velkomen utan – me samlar oss fyrst og fremst for å treffast, minnast dei som er borte og heidra minnet deira med å knyta nye band på tvers av hjartesaker og organisasjonsgrenser.

Vel møtt.

Støtteerklæring

Me har ikkje ord, korkje til å omtala terrorhandlingane i dag, eller til å festa kjenslene til skrift. Ein ufatteleg tragedie har råka Noreg, regjeringskvartalet, forbipasserande sivilistar og ikkje minst våre ungdomspolitiske kollegaer i Arbeidaranes Ungdomsfylking. Tankane våre til offera og deira pårørande.

Me veit at medlemer i Norsk Målungdom var til stades på Utøya, men me har førebels ikkje fått inn meldingar om skadde eller drepne målungdomsaktivistar – utan at det gjer sorga mindre. Nett slik bombeåtaket mot regjeringskvartalet er eit åtak på heile Noreg, er massakren mot AUF eit åtak på alle engasjerte ungdommar i alle ungdomsorganisasjonar, tverrpolitiske som partipolitiske. I kveld, i natt, i morgon finst ikkje partigrenser eller andre politiske eller organisatoriske skiljeliner. Tida er komen for å stå saman, for å visa den eller dei som står bak ugjerningane at aksjonane deira ikkje funkar, at demokratiet, organisasjonslivet og ungdomar med engasjement ikkje lèt seg kua.

Lat oss difor senda ei serskild støttehelsing til våre vener i AUF: Vit at kjenslene og tankane våre går til dykk, og vit at me står klare dersom det skulle vera noko me kan hjelpa til med i tida som kjem. Måtte alle gode krefter vera med dykk i den tunge tida som de, me og resten av Noreg har framfor oss.

Varme helsingar,
Norsk Målungdom

Naturfagsordlista

Bror-Magnus Sviland Strand, Eva Holthe Enoksen, Kristian Weibye og eg har slått oss saman om prosjektet med å laga ei naturfagsordliste som skal dekkja biologi, kjemi og fysikk på bachelornivå. Me hadde vårt fyrste nemndsmøte i sentralstyrebilen (“Kursk”) på veg heim frå sumarleir sundag ettermiddag, og er alt godt i gang med alle vala og førebuingane som skal til før me kan starta arbeidet med sjølve ordhandsaminga. Med på laget har me Odin Hørthe Omdal som skal utvikla mjukvare til arbeidet.

Du kan fylgja arbeidet vårt på ordlistebloggen: http://ord.nynorsk.no/

Me har i utgangspunktet sett føre oss at arbeidet skal vara i eit og eit halvt år. Fram mot jol 2011 skal me laga ei pilotordliste med dei mest sentrale orda frå fagfelta, og få attendemeldingar på denne til det vidare arbeidet. Me vert glade for alle som vil engasjera seg i arbeidet på den eine eller andre måten. Du kan starta med å leggja att ein kommentar på bloggen vår!

Naturfagsordlistegjengen: Maria Svendsen, Bror-Magnus Sviland Strand, Eva Holthe Enoksen, Kristian Weibye.

Opplading til sumarleir, #7

No er det mindre enn tre dagar igjen til sumarleiren, og oppladingsserien nærmar seg såleis slutten. Med mindre eg snublar over eit knakande godt bilete i morgon eller på måndag, kan de vel nesten rekna dette som sjølve kulminasjonen av biletoppladinga vår. Og kven skal få æra av å pryda det sjuande oppladingsbiletet? Jau, det skal tidlegare NMU-leiar Sigbjørn Hjelmbrekke, eller Siggen-piggen, som han heiter mellom vener.

Grunnen er ganske enkel: Trass i at det er seks år sidan han gjekk av som leiar, går det framleis gjetord om den nært legendariske vegarbeidarjakka som Sigbjørn ynda å kle seg i. Kva som var lekrast av den blå-oransje fargekomboen eller dei breie refleksstripene får vera opp til kvar enkelt å vurdera, men det gjorde seg no i alle fall ekstra godt i møte med omverda, når føremålet var å synleggjera organisasjonen … Som til dømes på biletet under, henta frå ein aksjon under sumarleiren i Sandefjord i 2004.

Ville du teke i mot eit flygeblad frå denne mannen? Sjølvsagt ville du det! Frå venstre: Tidl. landsstyremedlem Veslemøy Oma, tidl. leiar Sigbjørn Hjelmbrekke og tidl. landsstyremedlem og gitarist Erling Lorentsen Sogge. Legg serleg merke til korleis Siggen kombinerer fengselssveis, sidelommebukse og tøflar med sokk i på sedvanleg moterett vis. Foto: Synnøve Midtbø Myking

Opplading til sumarleir, #6

Trufaste lesarar har kanskje rekna seg fram til at me har vore – reint fotografisk – innom fem sumarleirar til no i oppladingsføljetongen. Denne gongen skal me sjå litt på oppladinga til ein sumarleir, nemleg ein heller kreativ måte å fotoblesta sumarleiren i 2005 på. Me kan vel ikkje anna enn å kalla resultatet godt over middels innbydande, trass i at skautet får Unn til å sjå ut som om ho var godt over 23 år gamal. Men hey – det var ho jo* … 😉

Uan-Z: Bodskapen er like gyldig som alltid. Kom på sumarleir!

Tre dåverande sentralistar lokkar ungdommen over svenskegrensa med farga papir, kunstnarisk tilsnitta bokstavar og komplimentært sjarmerande smil. Frå venstre sentralstyremedlem Vegard Foseide, påtroppande leiar Synnøve Midtbø Myking og skrivar Unn Catodotter Fyllingsnes.

 

 

Opplading til sumarleir, #5

Melodikappleiken. Det er kva me kallar han, den årlege NMU-varianten av eit slags miniatyr-granprix. Der er eit forunderleg sus over nettopp det namnet, og mindre vert det ikkje av å høyra røynde NMU-arar mimra tilbake til melodikappleikar på sumarleirar som har vore. Men samstundes er det også litt misvisande:

Kappleik er for så vidt greitt nok. Det er ein slags kappleik. Ein mangfaldig bukett av sumarleirdeltakarar stiller opp med sine respektive, ofte skrint førebudde bidrag. Dei syng med den nebben dei har, ein gong i mellom er det også nokre som vågar seg utpå med litt hurtig innøvd (og tilsvarande lite synkron) koreografi, og dei som har greie på det tek gjerne med seg gitaren opp på scena.

Men melodikappleik? Greia er at – med nokre få, heiderlege unnatak – er innslaga kokte i hop på formelen «velkjent melodi + ny tekst». Med andre ord er det ikkje så vanleg at kappleiken vert ei tevling om å laga den beste melodien, tvert om, her er det X-faktoren, sjarmen, punchline-frekvensen i teksten, og andre liknande kriterium som ofte gjev utslaget når ein vinnar skal kårast.

Likevel: Namnet speglar godt kva melodikappleiken handlar om. Det viktigaste er nemleg ikkje at den musikalske eller kunstnariske kvaliteten er i toppklasse, på same vis som det viktigaste ikkje er at namnet er hundre prosent presist reint språkleg. Det handlar om å hiva seg litt uti det, til glede og moro både for ein sjølv og for alle som ser på. Eg kan knappast tenkja meg ein betre måte å illustrera dette på, enn ved å hengja ut tidlegare leiar Maria og tidlegare landsstyremedlem Anne Guro, som med biletkomposisjon og mimikk tydeleg formidlar kva slags herleg uhøgtideleg og morosamt evenement melodikappleiken er. Sjå berre på dette blinkskotet frå sumarleiren 2009 på Elverum:

Maria og Anne Guro kombinerer song og spel under melodikappleiken 2009.

«Eg kjenne bare siddisåhrhr», skarra Maria Svendsen (t.v.) under melodikappleiken i 2009. Anne Guro Sture akkompagnerte med både gitar og eit merkbart stødigare andletsuttrykk. Foto: Krinken Visuelt™