Støtteerklæring

Me har ikkje ord, korkje til å omtala terrorhandlingane i dag, eller til å festa kjenslene til skrift. Ein ufatteleg tragedie har råka Noreg, regjeringskvartalet, forbipasserande sivilistar og ikkje minst våre ungdomspolitiske kollegaer i Arbeidaranes Ungdomsfylking. Tankane våre til offera og deira pårørande.

Me veit at medlemer i Norsk Målungdom var til stades på Utøya, men me har førebels ikkje fått inn meldingar om skadde eller drepne målungdomsaktivistar – utan at det gjer sorga mindre. Nett slik bombeåtaket mot regjeringskvartalet er eit åtak på heile Noreg, er massakren mot AUF eit åtak på alle engasjerte ungdommar i alle ungdomsorganisasjonar, tverrpolitiske som partipolitiske. I kveld, i natt, i morgon finst ikkje partigrenser eller andre politiske eller organisatoriske skiljeliner. Tida er komen for å stå saman, for å visa den eller dei som står bak ugjerningane at aksjonane deira ikkje funkar, at demokratiet, organisasjonslivet og ungdomar med engasjement ikkje lèt seg kua.

Lat oss difor senda ei serskild støttehelsing til våre vener i AUF: Vit at kjenslene og tankane våre går til dykk, og vit at me står klare dersom det skulle vera noko me kan hjelpa til med i tida som kjem. Måtte alle gode krefter vera med dykk i den tunge tida som de, me og resten av Noreg har framfor oss.

Varme helsingar,
Norsk Målungdom

3 thoughts on “Støtteerklæring

  1. Pingback: Sorg, sinne og samhald « Verbalt demonstrasjonstog

  2. Det er vanskeleg å svara godt på. Så lenge det finst tvil om kven som er i live, kven som er sakna og kven som er avlidne, trur eg det er best om me ventar med å seia noko om kven som eventuelt er/var NMU-medlemer. Det er også slikt som kanskje bør avklarast med dei einskildpersonane som det gjeld, anten det no er overlevande eller eventuelle pårørande. Eg veit ikkje, me får finna ut av det slik at me veit kva me skal gjera når namna er klare.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *