Opplading til sumarleir, #1

Oi! Der var me allereie i mai, og det er no altså berre to månader att til årets store hæppening (som det heiter på sidemål) – jubileumssumarleiren på Vinstra 5.-10. juli. Det er med andre ord på tide å byrja oppladinga, og det gjer me med biletsnacks frå sumarleirar som har vore. I dag, eit blinkskot frå den tradisjonsrike fotballturneringa, som illustrer til fulle kor lågt me legg lista til ferdigheiter, både når det gjeld skot og målvaktsspel. 🙂

Nedst frå venstre: Eirik viser aktivt og oppsøkjande forsvarsspel, Ulrikke demonstrerer den til då ukjende målvaktsteknikken "kneklypa", og Kristian har innteke rolla som den døyeleg effektive måltjuven som er like god med venstre som med høgre. Øvst frå venstre: Jens tilbyd ei kjærleg, støttande hand til sportsfotograf Anne Guro. Bak kamera: Odin. Biletet er frå den særs minneverdige sumarleiren i Aurland i Sogn i 2008.

Nye tider på skrivarstova

I uminneleg lange tider har planløysinga på NMU-kontoret vore omtrent slik:

– hyller langs veggane
– skrivebord og arbeidsstasjonar ved vindaugo
– eit salig rot på resten av golvflata

Pluss på med overfylte hyller og konturane av eit bord som kunne skimtast under den største rotehaugen, og vips – så har du oppskrifta på eit fysisk arbeidsmiljø med vesentleg betringspotensiale. Men no skal alt verta så mykje betre. I går hadde nemleg eg og Kristian vore og kjøpt oss nye hyller! (Nei, ikkje slike hyller! Lagerhyller!) Høveleg nok ber hyllene same namnet som nynorskens far, og til liks med sistnemnde har dei nye hyllene no gjort omgjevnadene på skrivarstova uhorveleg mykje betre. For dei interiørinteresserte lesarane av sentralstyrebloggen kjem her ei lita oppskrift på “korleis gjera eit overfylt kontor til eit triveleg arbeidsareal på 1-2-3.”

Steg 1: Ingrediensane. Du treng: To kjekke gutar, ein drill (eller noko anna å skru med), og dugeleg med Ivar-hyller frå Ikea.

Ingrediensane: To kjekke gutar og dugeleg med Ivar-hyller frå Ikea.

Eks-sivilarbeidarane Kristian (t.h.) og Vebjørn nytta påskefreden i hovudkvarteret til å driva organisasjonsbygging på veldig bokstaveleg vis. Arbeidet vekte sjølvsagt mange kjære siviltensesteminne. Foto: KrinkenVisuelt

Steg 2: Montér hyllene på høveleg stad.

Kristian demonstrerer monteringsteknikk og innreiingsrøynsle av aller ypparste merke.

Kristian demonstrerer monteringsteknikk og innreiingsrøynsle av aller ypparste merke. Foto: KrinkenVisuelt

Steg 3: Fyll hyllene med all driten som ligg på golvet eller er med på å overfylla andre hyller. Pynt gjerne med portrettbilete av kjende nynorskingar eller oversynsfoto over fjelltoppar på Sunnmøre.

Resultatet - ei ny, funksjonell hylle og eit ryddig, forfriskande arbeidslokale!

Så fint kan det altså verta! Ti nye kvadratmeter med hylleplass, kledeleg dekorert med dei tre store - Garborg, Vinje og Kolåstinden - i glas og ramme! Om ikkje dette er til glede og inspirasjon, så veit ikkje eg! Foto: KrinkenVisuelt

Og voila – som det heiter på sidemål – så enkelt kan det gjerast. Fleire nynorske interiørtips kan du til dømes finna på bloggen Den gode feen. Kvinna som er forresten kåra til årets nynorskbrukar, om du lurte på kva nynorsk har med interiørbloggar å gjera.

God påske!

5-4-3-2-1- VERV!

I det vårsola er i ferd med å fortrengja dei mørke vinterskyene, veit du at det er på tide å dra fram verveblokka igjen. I år vert det særskilt viktig å vera med å verva. Super-Ivar er nemleg ute på tur, og målet han har sett seg er å koma rundt jorda før sumarleiren tek til. Det er berre eitt problem: Raketten han reiser i treng drivstoff i form av nye vervingar.Hjelp Super-Ivar å koma rundt jorda!

Alle bidrag er gull verdt, store som små. For kvar nye medlem som vert verva får Super-Ivar litt meir drivstoff. Nokre kan verva mange, men skal raketten til Super-Ivar nå rundt jorda innan sumarleiren, er me òg heilt avhengige av at veldig, veldig mange vervar litt. For kven har vel hjarta til å sjå raketten styrta?

Så då er det berre å starta nedteljinga: 5-4-3-2-1 VERV!

#Vossamaol

Kort statusrapport frå Vossevangen: Målungdomslaget Vossamaol er starta opp! Til saman tolv ettermiddagsfriske folkehøgskuleelevar fann vegen til skipingsmøtet, som resulterte i både fleire innmeldingar og eit feiande flott styre i Norsk Målungdoms ferskaste (og kanskje mest veldøypte …) lokallag! Her er eit bilete av 80 % av styret, som i sjølvsikker positur står og skuggar for utsikta til europaveg 16.

Målungdomslaget Vossamaol, her representert av styret minus meirverdigavgift (80 %, liksom. 4/5.)

Fire av fem styremedlemer i det nyskipa Målungdomslaget Vossamaol

Innleiing – men om kva?

Den spanande ventetida før jubileums-landsmøtet 25. – 27. mars er ikkje berre tida der snøen etter planen skal trekkja seg vekk og sopa med seg vegsalt og strøsingel frå vegkantane og gje rom for ny grøde frå markene rundt om i vårt linne land. Det er òg tida for jubileumsårsmøte i alle dei feststemte lokallaga våre! Den 23. februar får eg gledja av å vera med å skipa eit slikt…

Den 23. februar drar eg nemleg til sør-vestlandsperla Sandnes i Rogaland, for å skipa årsmøte i Målsiddisane. Møterom og band er booka. Møtet blir på L54 i Langgata, og det framåtstormande, lokale dialekt-indie-pop-rock-bandet «Sporv», skal ikkje spela ein liten akustisk-trådlaus konsert likevel, grunna «UKM». Alle som har høve til å koma, bør likevel ha notera notert seg datoen, og dukka opp kl. 18.00!

Førebels ser alt ut til å gå etter planen, med unnatak av ein liten detalj: Det hør seg og bør seg nemleg slik at den vitjande sentralstyremedlemen, i dette høvet meg, Bror-Magnus, held ei lita innleiing på årsmøte om noko viktig og interessant. Eg veit berre ikkje kva! For å gjera kort prosess på heile kvalen til valet, har eg landa på å organisera ei avrøysting her på sentralstyrebloggen over kva innleiinga mi skal dreia seg om. Me tjuvstartar årsmøtet med å fatta eit vedtak her. Teljekorps er meg sjølv. Og me røyster…

Så blei det visst innleiing om sidemål denne gongen. Godt det var så tydeleg fleirtal tidleg i prosessen så eg hadde god tid på å førebu meg. Tusen takk for at ingen røysta på «ingenting, innleiingar er så keisame…»!

Slik kjem du deg frå A) Sandnes Sentrum (togstasjonen) og Rúten til B) L54. Vel møtt!

Slik kjem du deg frå A) Sandnes Sentrum (togstasjonen) og Rúten til B) L54. Vel møtt!

(Du kan melda deg på årsmøtet si fjesbokhending her, og finna ut meir om Sporv her og her, samt høyra korleis dei høyrdest ut før dei bestemte seg for å syngja på dialekt.)

Ufriviljug humor per tekstmelding

Medan debatten går i Klassekampen om kor fæle nynorskfolk er til å kjefta og klaga på kvarandre, har eg hatt eit lesarbrev om sidemål på trykk i Stavanger Aftenblad. Og reaksjonen kom relativt raskt – her er ei tekstmelding eg fekk 16.28 i ettermiddag, som eg må innrømma at fekk meg til å trekkja godt på smilebandet:

Jeg viser til ditt innlegg i Stavanger Aftenblad i dag. Nynorsk er en pest og en plage og slike som deg burde flytte til fjells hvor dere kan knote sammmen hele dagen på dette grusomme målet. Mvh/(fullt namn)

Eg veit ikkje heilt kva som er løgnast: At ein 51 år gamal mann (med flott stillingstittel og høg løn) synest det er heilt på sin plass å spora opp og senda slike tekstmeldingar til ungdomar som engasjerer seg i organisasjonslivet? Eller det lett paradoksale uttrykket frustrasjonen tek i det avsendaren lirer av seg krinsrekord i usakleg innhald, pakka inn i ei forunderleg sober form (“med vennlig hilsen” og fullt namn, liksom)?

Uan-z: Etter å ha humra litt for meg sjølv, tenkte eg at eg måtte jo vera høfleg og skriva tilbake. Så vår ven fekk litt smiger per SMS i retur:

Takk for omtanken, men eg trivest godt med å bruka nynorsk i urbane omgjevnader. Og dersom eg hadde flytt til fjells, ville eg jo gått glipp av alle dei konstruktive tilbakemeldingane frå storsinna kjernekarar som deg. <3
Varme målhelsingar frå Vebjørn

Korrespondansen har inntil vidare stoppa der. I mellomtida: Skulle det vera fleire nynorskhatarar med utblåsingsbehov der ute, så er eg tilgjengeleg på 924 16 527. Ver merksam på at innsende meldingar kan hamna ute på verdsveven, men eg skal ikkje publisera namn. Trur eg. 😉

God jol og godt nyttår!

Jolekvelden nærmar seg, og sentralstyret tek seg snart ferie. Når me kjem attende er det 2011, sjølvaste jubileumsåret, men det fortener eit eige innlegg her på bloggen. I mellomtida kan de kosa dykk med nokre julesongar på nynorsk.

Visste du mellom anna at «Deilig er jorden» finst i nynorsk omsetjing under namnet «Fager er jordi»? Songen er kanskje ikkje like mykje nytta som «Det hev ei rose sprunge», men fin likevel! Ein annan fin, men kanskje mindre kjend julesong er «Kling no, klokka».

Dersom du svergar til på dialekt, er kanskje «Vårres jul» av Hans Rotmo noko av det finaste eg veit. «Vårres jul» som òg var namnet på plata, var faktisk den fyrste sekulære, eller ikkje-religiøse joleplata som vart gjeven ut i Noreg.

Den finaste nynorske julesongen er kanskje likevel «Det lyser i stille grender». Teksten er skriven av Jakob Sande, og sto opphaveleg på trykk i «Jul i Sunnfjord» med tittelen «Julekveld».

Dette og meir til finn du på heimesidene til Ivar Aasen-tunet.

God jol og godt nyttår frå Sentralstyret i Norsk Målungdom