Læreplanen i norsk vart offentleggjort tidlegare i dag. Marit Aakre Tennø, leiar i Mållaget, og Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, satt på gjerde og venta på pressemelding frå kunnskapsdepartementet.
Det er litt av kvart å juble for i den nye læreplanen, her er noko av det me jublar over i dag:
– likestilte kompetansemål for bokmål og nynorsk,
– tidlegare start med sidemål. Lesing og lytting heilt frå starten, eksperimenterande skriving frå 5. trinn. Me bad om 4. trinn, men det er uansett fleire steg i rett retning,
– eigen sidemålskarakter på 10. trinn og VG3,
– betre grunngjeving for sidemål i føremålsteksten.
Dette er ein læreplan på rett veg, med mykje NMU-politikk på mange område. Me har vore både i avis og på radio i dag. Det har vore god stemning på skrivarstova og me feira læreplanen i lunsjen med sushi og mozell.