Opplading til sumarleir, #2

Som eit lite avbrekk opp ei all sidemålsviraken presenterer me andre del i oppladingsserien av biletblogging fram mot den makelause jubileumssumarleiren på Vinstra 5.-10. juli som du berre MÅ melda deg på med det absolutt aller fyrste. Som sist er det bilete frå tidlegare sumarleirar som er tingen, og me byter motiv frå fotballturnering til logistikk. Leigebilane me ordnar oss til ulike tilskipingar er ofte av verneverdig karakter, og det museale klimakset kjem til vanleg nettopp på sumarleirane. Lat oss mimra litt tilbake til sumarleiren i Arendal i 2010, og den … unike … doningen som etter kort tid vart oppkalla etter den velkjende atomubåten Kursk:

Leigebilen me hadde under sumarleiren i Arendal i 2010.

Uran eller plutonium? Neimen om eg veit, men bilen minna farleg mykje om korleis engelskspråklege actionfilmar ville ha framstilt eit mobilt lagerhus for brenselsstavar i Murmansk. MEN, som alltid, det er det indre som tel: Bilen sveiv som berre juling, og frakta attpåtil sentrallekken heim til Oslo i tide til VM-finalen! (At den enorme storleiken seinare på kvelden avfødde ei parkeringsbot, får me heller sjå mellom fingrane ...)

3 thoughts on “Opplading til sumarleir, #2

  1. Og der var det klart: Den segnomsuste doningen på biletet over er klar til dyst for sumarleir også i år – og då er jubileumssumarleiren endå ein attraksjon rikare!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *