Nye tider på skrivarstova

I uminneleg lange tider har planløysinga på NMU-kontoret vore omtrent slik:

– hyller langs veggane
– skrivebord og arbeidsstasjonar ved vindaugo
– eit salig rot på resten av golvflata

Pluss på med overfylte hyller og konturane av eit bord som kunne skimtast under den største rotehaugen, og vips – så har du oppskrifta på eit fysisk arbeidsmiljø med vesentleg betringspotensiale. Men no skal alt verta så mykje betre. I går hadde nemleg eg og Kristian vore og kjøpt oss nye hyller! (Nei, ikkje slike hyller! Lagerhyller!) Høveleg nok ber hyllene same namnet som nynorskens far, og til liks med sistnemnde har dei nye hyllene no gjort omgjevnadene på skrivarstova uhorveleg mykje betre. For dei interiørinteresserte lesarane av sentralstyrebloggen kjem her ei lita oppskrift på “korleis gjera eit overfylt kontor til eit triveleg arbeidsareal på 1-2-3.”

Steg 1: Ingrediensane. Du treng: To kjekke gutar, ein drill (eller noko anna å skru med), og dugeleg med Ivar-hyller frå Ikea.

Ingrediensane: To kjekke gutar og dugeleg med Ivar-hyller frå Ikea.

Eks-sivilarbeidarane Kristian (t.h.) og Vebjørn nytta påskefreden i hovudkvarteret til å driva organisasjonsbygging på veldig bokstaveleg vis. Arbeidet vekte sjølvsagt mange kjære siviltensesteminne. Foto: KrinkenVisuelt

Steg 2: Montér hyllene på høveleg stad.

Kristian demonstrerer monteringsteknikk og innreiingsrøynsle av aller ypparste merke.

Kristian demonstrerer monteringsteknikk og innreiingsrøynsle av aller ypparste merke. Foto: KrinkenVisuelt

Steg 3: Fyll hyllene med all driten som ligg på golvet eller er med på å overfylla andre hyller. Pynt gjerne med portrettbilete av kjende nynorskingar eller oversynsfoto over fjelltoppar på Sunnmøre.

Resultatet - ei ny, funksjonell hylle og eit ryddig, forfriskande arbeidslokale!

Så fint kan det altså verta! Ti nye kvadratmeter med hylleplass, kledeleg dekorert med dei tre store - Garborg, Vinje og Kolåstinden - i glas og ramme! Om ikkje dette er til glede og inspirasjon, så veit ikkje eg! Foto: KrinkenVisuelt

Og voila – som det heiter på sidemål – så enkelt kan det gjerast. Fleire nynorske interiørtips kan du til dømes finna på bloggen Den gode feen. Kvinna som er forresten kåra til årets nynorskbrukar, om du lurte på kva nynorsk har med interiørbloggar å gjera.

God påske!

7 thoughts on “Nye tider på skrivarstova

  1. Sjølvsagt er det Ivar-hyller, noko anna hadde vore rart. Dette ser veldig bra ut, gutar!

    Men når vi snakkar om den gode feen: Er ikkje “fe” eit hokjønnsord? Eg som alltid bruker “fe” som eksempel på hokjønnsord som sluttar på trykksterk e…

  2. «Fe» er hokjønn, ja. Men bloggen til Linda Sæbø heiter altså Den gode feen – utan at eg her og no kan svara på kor vidt det handlar om eit medvite opprør mot kjønnsinndelinga i nynorsk grammatikk eller ikkje (ordet «dialekt» har jo vore omdiskutert i slike samanhengar …). 😉

    • Og eg som trudde det var inkjekjønn. Det heiter i alle fall Norsk Raudt Fe. Ikkje raud fe. Elles ein fin blogg. (Denne her bloggen, altso. No meinte eg ikkje den gode feen.)

      • Her snakkar me nok om ulike fe-typar – med mindre tannfeen/tannfea/tannfeet som kjem og byter mjølketennene dine mot ein tiar er ei ku med vengjer … 😉

    • Bokstaveleg, ja. Men i overførd tyding? Tja … Eg undrar meg på om ikkje eit par av øskjene med gamle leidningar og halvkomplette elektroniske artefaktar kvalifiserer til drit-termen … 🙂

Leave a Reply to Vebjørn Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *