#Vossamaol

Kort statusrapport frå Vossevangen: Målungdomslaget Vossamaol er starta opp! Til saman tolv ettermiddagsfriske folkehøgskuleelevar fann vegen til skipingsmøtet, som resulterte i både fleire innmeldingar og eit feiande flott styre i Norsk Målungdoms ferskaste (og kanskje mest veldøypte …) lokallag! Her er eit bilete av 80 % av styret, som i sjølvsikker positur står og skuggar for utsikta til europaveg 16.

Målungdomslaget Vossamaol, her representert av styret minus meirverdigavgift (80 %, liksom. 4/5.)

Fire av fem styremedlemer i det nyskipa Målungdomslaget Vossamaol

6 thoughts on “#Vossamaol

  1. Fantastisk!
    Vonar restane av Målkvefsane vert ynskja velkomen som del av laget, og at laget vil stå sterkt uavhengig av folkehøgskule-elevane som no sit i styret!

  2. Målkvefsane har ikkje eksistert på eit par år, så dei gjenverande medlemene derfrå er automatisk innlemma i Vossamaol. Og så vidt eg veit har dei klåre planar om å rekruttera så bra i vår at laget skal leva godt vidare etter at fhs-året er over. 🙂

  3. Desse utetteretta greiene då? Ringjer dei rundt (evt. sender personlege meldingar) til alle på medlemslista? Er ei stor fyremon å få med seg folk som er på Voss allereide òg. Er vel eit par 4-5-6 medlemar på Voss allereide, vil eg tru?

  4. Det har vore relativt skrint med nye medlemer på Voss dei siste par-tre åra, så det er nok litt avgrensa kor mange fleire dei kan aktivisera i den eksisterande medlemsmassen. Etter kva eg har forstått (utan at eg skal gjera meg til talsmann for Vossamaol) konsentrerer dei seg om å verva nye medlemer som kan ta over laget. Om du vil ha meir detaljar kan du vel berre kontakta Heidi, t.d. 🙂

  5. Jajo. Nei, vossajentone i styret mitt meiner dei aldri vart skikkeleg medlem av NMU av di dei ikkje visste me fanst. Godt med medieoppslag då, sjølv um det ikkje førde til ekstrem innmelding. Men viss det altso er gamlemedlemer som ikkje er kontakta, so må dei hugsast på å inviterast beinveges til bowlingkveld 😉

    Kann senda epost til Heidi um denne tråden her, so fær ho fylgd med.

Leave a Reply to Odin Omdal Hørthe Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *