Opplading til sumarleir, #7

No er det mindre enn tre dagar igjen til sumarleiren, og oppladingsserien nærmar seg såleis slutten. Med mindre eg snublar over eit knakande godt bilete i morgon eller på måndag, kan de vel nesten rekna dette som sjølve kulminasjonen av biletoppladinga vår. Og kven skal få æra av å pryda det sjuande oppladingsbiletet? Jau, det skal tidlegare NMU-leiar Sigbjørn Hjelmbrekke, eller Siggen-piggen, som han heiter mellom vener.

Grunnen er ganske enkel: Trass i at det er seks år sidan han gjekk av som leiar, går det framleis gjetord om den nært legendariske vegarbeidarjakka som Sigbjørn ynda å kle seg i. Kva som var lekrast av den blå-oransje fargekomboen eller dei breie refleksstripene får vera opp til kvar enkelt å vurdera, men det gjorde seg no i alle fall ekstra godt i møte med omverda, når føremålet var å synleggjera organisasjonen … Som til dømes på biletet under, henta frå ein aksjon under sumarleiren i Sandefjord i 2004.

Ville du teke i mot eit flygeblad frå denne mannen? Sjølvsagt ville du det! Frå venstre: Tidl. landsstyremedlem Veslemøy Oma, tidl. leiar Sigbjørn Hjelmbrekke og tidl. landsstyremedlem og gitarist Erling Lorentsen Sogge. Legg serleg merke til korleis Siggen kombinerer fengselssveis, sidelommebukse og tøflar med sokk i på sedvanleg moterett vis. Foto: Synnøve Midtbø Myking

3 thoughts on “Opplading til sumarleir, #7

  1. Den jakka til Sigbjørn Hjelmbrekke har lyst opp så utruleg mange bilete i hans leiarperiode. Ei strålande tid!

  2. Haha! Legg merke til at Veslemøy og Erling må mysa for å klara å sjå på meg. So bjart han skin!

    Eg synst elles eg oppfatta ein svak sarkasme i biletteksten. Eg gjer merksam på at sokkar i sandalane er siste mote:
    http://www.youtube.com/watch?v=gnLqFrPRgtI

    At målungdomar ligg nokre år framfor motebiletet, er ikkje nytt.

Leave a Reply to Hege Lothe Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *