No er det mindre enn tre dagar igjen til sumarleiren, og oppladingsserien nærmar seg såleis slutten. Med mindre eg snublar over eit knakande godt bilete i morgon eller på måndag, kan de vel nesten rekna dette som sjølve kulminasjonen av biletoppladinga vår. Og kven skal få æra av å pryda det sjuande oppladingsbiletet? Jau, det skal tidlegare NMU-leiar Sigbjørn Hjelmbrekke, eller Siggen-piggen, som han heiter mellom vener.
Grunnen er ganske enkel: Trass i at det er seks år sidan han gjekk av som leiar, går det framleis gjetord om den nært legendariske vegarbeidarjakka som Sigbjørn ynda å kle seg i. Kva som var lekrast av den blå-oransje fargekomboen eller dei breie refleksstripene får vera opp til kvar enkelt å vurdera, men det gjorde seg no i alle fall ekstra godt i møte med omverda, når føremålet var å synleggjera organisasjonen … Som til dømes på biletet under, henta frå ein aksjon under sumarleiren i Sandefjord i 2004.
Den jakka til Sigbjørn Hjelmbrekke har lyst opp så utruleg mange bilete i hans leiarperiode. Ei strålande tid!
Bokstaveleg talt, vil kanskje nokre syrlege tunger seia …
Haha! Legg merke til at Veslemøy og Erling må mysa for å klara å sjå på meg. So bjart han skin!
Eg synst elles eg oppfatta ein svak sarkasme i biletteksten. Eg gjer merksam på at sokkar i sandalane er siste mote:
http://www.youtube.com/watch?v=gnLqFrPRgtI
At målungdomar ligg nokre år framfor motebiletet, er ikkje nytt.