I uminneleg lange tider har planløysinga på NMU-kontoret vore omtrent slik:
– hyller langs veggane
– skrivebord og arbeidsstasjonar ved vindaugo
– eit salig rot på resten av golvflata
Pluss på med overfylte hyller og konturane av eit bord som kunne skimtast under den største rotehaugen, og vips – så har du oppskrifta på eit fysisk arbeidsmiljø med vesentleg betringspotensiale. Men no skal alt verta så mykje betre. I går hadde nemleg eg og Kristian vore og kjøpt oss nye hyller! (Nei, ikkje slike hyller! Lagerhyller!) Høveleg nok ber hyllene same namnet som nynorskens far, og til liks med sistnemnde har dei nye hyllene no gjort omgjevnadene på skrivarstova uhorveleg mykje betre. For dei interiørinteresserte lesarane av sentralstyrebloggen kjem her ei lita oppskrift på “korleis gjera eit overfylt kontor til eit triveleg arbeidsareal på 1-2-3.”
Steg 1: Ingrediensane. Du treng: To kjekke gutar, ein drill (eller noko anna å skru med), og dugeleg med Ivar-hyller frå Ikea.

Eks-sivilarbeidarane Kristian (t.h.) og Vebjørn nytta påskefreden i hovudkvarteret til å driva organisasjonsbygging på veldig bokstaveleg vis. Arbeidet vekte sjølvsagt mange kjære siviltensesteminne. Foto: KrinkenVisuelt
Steg 2: Montér hyllene på høveleg stad.

Kristian demonstrerer monteringsteknikk og innreiingsrøynsle av aller ypparste merke. Foto: KrinkenVisuelt
Steg 3: Fyll hyllene med all driten som ligg på golvet eller er med på å overfylla andre hyller. Pynt gjerne med portrettbilete av kjende nynorskingar eller oversynsfoto over fjelltoppar på Sunnmøre.

Så fint kan det altså verta! Ti nye kvadratmeter med hylleplass, kledeleg dekorert med dei tre store - Garborg, Vinje og Kolåstinden - i glas og ramme! Om ikkje dette er til glede og inspirasjon, så veit ikkje eg! Foto: KrinkenVisuelt
Og voila – som det heiter på sidemål – så enkelt kan det gjerast. Fleire nynorske interiørtips kan du til dømes finna på bloggen Den gode feen. Kvinna som er forresten kåra til årets nynorskbrukar, om du lurte på kva nynorsk har med interiørbloggar å gjera.
God påske!