I byrjinga av mai sende Språkrådet ei bekymringsmelding til kunnskapsministeren. Emnet var utkastet til ny læreplan i norsk, som Språkrådet – statens fagorgan i språkspørsmål – meinte er i strid med stortingsvedteken politikk. Éi av Språkrådet sine innvendingar var at det å fjerna sidemålskarakteren ville vera med på å svekkja nynorskens status.
Dette har tydelegvis falle Landslaget for Norskundervisning (LNU) – som kjempar for at det ikkje skal vera eigen standpunktkarakter i sidemål – tungt for brystet. Dei sende eit slags «svar» på Språkrådet sine innvendingar til kunnskapsministeren i går.
I utgangspunktet har NMU levert høyringsfråsegn i saka, men i brevet sitt leverer LNU ein del påstandar som treng opprydding. Me har difor sendt eit brev med nokre oppklaringar til kunnskapministeren. Brevet kan du lesa her.