Norsk Barneblad har sett i gong ein fotokampanje på den vide verdsveven. Fotokampanjen går ut på at DU skal ta bilete av noko som symboliserar nynorsk for deg; vera det Volvo 240, Ringdrotten eller ei vestlandslefse med kanel og sukker. For å ta del i kampanjen må du ta eit bilete og leggja det ut på Kvitter, Instagram eller Norsk Barneblads side på Andleteboka med emneknaggen #fotonynorsk. Me på Skrivarstova ser fram til å sjå alle dei fine bileta alle de kjekke menneska der ute deler på den vide verdsveven.
![20130624_163825_1[1]](http://blogg.malungdom.no/files/2013/06/20130624_163825_11-640x480.jpg)