Måndag lanserte me den nye kampanjen vår for nynorsk i nettavisene. Dersom du var rask, fekk du med deg både nynorskVG og nynorskDB før sistnemte vart teken ned.
Forbodet mot nynorsk i nettavisene er viktig, av di det hindrar folk over heile landet å sjå språket. Det er eit problem for alle som har nynorsk som språket sitt at me ikkje kan bruka det overalt, og det er eit problem for elevar og lærarar at elevane ikkje ser nok nynorsk til at dei klarer å læra det som sidemål. VG og Dagbladet er riksdekkjande, folkelege aviser, og burde representera folket. Det gjer dei ikkje no. Du kan lesa meir om kva me meiner her.
Det viktigaste nett no er at alle er med på kampanjen. Og det er mange ting du kan gjera!
- Les nynorskVG og sprei lenkja til alle du kjenner.
- Gå inn på nynorskDB og send ein e-post til Lars Helle for å oppmoda han til å sleppa til nynorsk i Dagbladet.
- Send ein e-post til skriv(alfakrøll)nynorsk(punkt)no og be om å få tilsendt klistermerke og la heimstaden din få vita kva du meiner.
- Få tak i flygeblad, banner, klistermerke og jakkemerke frå skrivarstova og aksjonér. Pass på at de seier ifrå til lokalavisa.
- Skriv eit lesarinnlegg til avisa.
Kom igjen, me vil sjå språket vårt i avisa!