Onsdag feira vi Norsk Målungdom sin store dag.
Vi stod i ein ring, vi var ca. tolv ute i det fine vêret, gamle og noverande aktivistar. Leiar Janne Nygård sa nokre vakre ord. Vi la ned roser på Teaterplassen. Eg las “Det syng for Storegut” av Olav Aasmundson Vinje. Janne takka alle for å ha kome.
Det var vakkert.