Vil du vera med på laget?

Velkomen til eit nytt år med nye høve! I år vert 17. mars datoen for val av nye styre og utval i Norsk Målungdom, og det er denne kjekke gjengen som har ansvar for å få framlegga på plass. Valnemnda er i full gang med spørjing og graving etter jol, og me set stor pris på innspel om du veit om nokon som bør sitja anten i landsstyret eller sentralstyret i NMU. Kanskje har du til og med lyst sjølv?

Landsstyret har møte 5 gonger i året, og er det øvste politiske organet i NMU. Her ynskjer me å ha alle slags målungdomar frå heile landet representerte. Reise til møta vert dekt, og vervet gjev gyldig politisk fråvere frå skulen. Sentralstyret har møte og dugnad éin gong i veka, og har ansvar for den daglege drifta av organisasjonen. Å sitja i eit organisasjonsstyre er ingen dum idé, sidan det gjev deg mange nye vener og verdifull rønsle som du tek med deg vidare.

 Ta gjerne kontakt med oss om kva det måtte vera. Du får tak i oss ved å senda e-post eller ringja til maria(a)nynorsk.no / 984 49 607 eller eva(a)nynorsk.no / 971 49 323.

Sjølvbilete av valnemnda: Eva Holthe Enoksen, Vegard Storsul Opdahl, Maria Svendsen og Bror-Magnus Sviland Strand (vara). Tone Rossow (vara) var ikkje til stade

2 thoughts on “Vil du vera med på laget?

  1. Hei,

    Spørsmålet mitt har ikkje noko å gjere med denne artikkelen, forlat for det.

    Eg hadde lyst til å lese Fader vår endeleg på nynorsk fordi eg aldrig har gjort det før.
    Det finst fleire utgåver på wikipedia:
    http://nn.wikipedia.org/wiki/Fader_v%C3%A5r

    Utgåvene frå 1920 og 1891 inneheld uttrykk til dømes “i himlom” “på jordi” eller “magti”.
    Og mitt spørsmål er: står desse orda i noko slags kasus, om ja så var det vanleg å bruke liksom ablativ eller “underfall” då?

    (forlat mitt dårleg norskkunnskap, eg har lære nynorsk for nokre veker no)

    Med venleg helsing frå Ungarn,
    János

  2. Veldig kjekt at du vil læra nynorsk!

    “Jordi” er det same som “jorda”, altså bunden form eintal av hokjønnsordet “jord”. “Jordi” er den tradisjonelle forma som Ivar Aasen nytta då han setta saman det nynorske språket. Svake hokjønnsord (som sluttar på -e (eller a): jente, dame, lampe, jakke) fekk endinga -a i bunden form. Sterke hokjønnsord (jord, makt, bru, sol) fekk endinga -i. “Jordi” var ei alternativ form, ved sidan av “jorda”, fram til i fjor. No er det utanfor rettskrivinga. Ein kan sjølvsagt velja å skriva utanfor rettskrivinga, men slike former er markante, så ein må rekna med å få spørsmål 🙂

    “Himlom” må faktisk vera ei fleirtalsform, normalt skrive “himlane”. Former som “dalom” og “fjellom” for “dalane” og “fjella” er dativ, og er i bruk i ein del (eldre) dikt. I dag er det relativt få som har dativ i talemålet sitt, og det er ikkje del av nynorsk rettskriving.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *