I dag er det nøyaktig 40 år sia dei første store elevstreikane for nynorske læremiddel vart sparka i gang på Øystese i Hardanger.
Difor var sentralstyret i Norsk Målungdom på jubileumsaksjon og -målferd på Øystese gymnas i dag. Her kan du sjå nokre bilete frå dagen:
Feiring: Utstyrt med jakkemerke og godteri stilte me oss opp i kantina.
Målferd: Vebjørn spreier den gode bodskapen til ein noko trøytt påbygg-klasse.
Gruppebilete: Sentralstyret i nye genserar frå Øystese gymnas
Snik-nynorskifisering: Eva snik inn litt nynorsk i dei elles så nynorskfrie vekeblada.
…og litt flygeblad i hylla for ballholm
hei der, kjekt med besøk igjen frå deko. me er æra over at de starta her, med den historiske bakgrunnen. de engasjerte, og sjølv om ein av bilettekstane gjekk på “noko trøytte” om påbygg. vel – elevane hadde hatt 8 timar norsk før det, sidan fredagen er ein såkalla fagdag, i norsk denne gong….. men som ein appetittkveikjar rundt språkhistoria seinare trur eg det funka supert. no håper eg berre at hestebiletet kjem på rett plass på sida her, sidan de blei utstyrte med gensrar frå øystese gymnas. hesten er forresten kunstna av ellen bang. og ikkje uventa heiter volleyballaget, i noregstoppen gjennom fleire år, rossvoll, etter gamalnorsk, hesteplassen.
me er stolte av skulen vår! velkomen attende.
Randi Hjemlestad, norsklærar