Slit du med å klekka ut idear til kva du skal gje vener og kjende til jul? Fortvil ikkje meir – Norsk Målungdom har løysinga. Eller rettare sagt: opptil fleire løysingar! Sjå berre her:
Her er skrivar-Johanne med den nye utgåva av dei populære «Eg<3nynorsk»-t-skjortene. Nytt av året er at dei kjem med kledeleg og moterett v-hals.
Her er fargeutvalet. Me har t-skjorter i såkalla «gute- og jentemodell», og i ulike storleikar. «Jenteskjortene» er merkbart mindre i storleiken, og har større utringing enn «guteskjortene». OBS: Me tilbyr dei ulike fargane og storleikane så langt lageret rekk. Ta kontakt for å få vita kva typar og storleikar me har i dei ulike fargane. Her er det fyrstemann til mølla!
Lei av tungrodde peikeplater? Lite hypp på å drassa rundt på ei svær datamus med masse leidningar eller trådlaus-USB-mottakarar som forsvinn? Løysinga er den lette og nette målungdomsmusa, som attpåtil kjem med trådsnelle - slik at du kan dra ut leidningen når du skal bruka henne, og la snella rulla leidningen inn på seg når du skal pakka musa ned. Praktisk!
T-skjortene kostar 130/stk, musa 140/stk. I tillegg har me framleis ein god del av dei eksklusive jubileums-t-skjortene att på lager – dei kjem i burgunderraud med kvitt jubileumstrykk på brystkassa. Også dei kostar 130/stk.
For tinging eller spørsmål: Kontakt skrivarstova på tlf. 23 00 29 40 (09-17) eller skriv@nynorsk.no (døgnope).
Har de framleis skjorter att? Eg ynskjer meg ei kvit dameskjorte i str s/xs! <3
Lilljan! DET var lenge sidan! 🙂
Om du vil tinga t-skjorte, send e-post til skriv@nynorsk.no, så kjem det rett til skrivar-Anne, som tek seg av slikt. Trur me framleis har kvit dameskjorte i S. 🙂
Har de framleis t-sjorter att? Har lyst til å gje i julegåve til en venn. Eg treng ei kvit t-skjorte i str. S/M. Og kor mykje kostar frakta? kjem dei fram til jul?
Me har framleis t-skjorter att. Me har til og med tinga nye!
Om du ynskjer å tinge ei skjorte kan du sende namn og adresse til skriv(at)nynorsk.no. Frakta betalar me, og t-skjorta bør vere framme til jol! (Posten har vel garanti om at all post sendt før 16. desember er framme til jol)
Den musa var neimen ikkje dum. Eller stygg. Eg vil ha. Har de framleis? Om alle partar hugsar på det, kanskje Håvard Ø. kan ta med ei til Bø på torsdag? Eller skal eg ta til takke med vanleg postgang slik som alle andre?
Me har framleis att, ja. Det er nok litt seint å sende han med Håvard. Men du kan anten få han i posten, eller so kan du få med deg ei ein gong du er innom. Kva vil du?
Halloen! Har de t-skjorter no? Eg har så lyst på ei grøn i strl L!
Hei Mari!
Eg trur me framleis har t-skjorter. Me tingar nye når me går tom. Du tingar t-skjorter ved å senda informasjonen din til skriv(at)nynorsk.no. 🙂