Førre torsdag kom det førebels nyaste skotet på NMU-stammen til verda, då Grimstad Målungdom vart skipa. I front for det nye laget står leiar Jørgen Vik (16), som også var initiativtakaren til lagsskipinga. Me ynskjer Grimstad-gjengen hjarteleg velkomne til nynorskens skog! 🙂
Salte bananar det ser ut som ein fin gjeng!
Og bra mange folk! Kor mange er i styret? Det ser òg ut som om dei er unge nok til å kunna bu lengje nok i Grimstad til å klara fin overgang med nye lagsmedlemer når folk flyttar vekk. Nei, for noko fine greier dette var.
Ventar litt magi frå den kanten det komande året 🙂