Populisme frå Ødegaard

Skulebyråd i Oslo, Torger Ødegaard (H), trugar med å søkje Utdanningdirektoratet om at alle elevar i osloskulen skal få sleppe å lære skriftleg sidemål for å bli betre til å skrive norsk. Han meiner at “nynorsk litteratur og kultur bør læres muntlig, og dermed vil flere dyktiggjøre seg i skriftlig norsk.” ifylgje Aftenposten.

Dette seier Ødegaard sjølv om Utdanningsdirektoratet har sagt klårt i frå om at søknader om slike forsøk ikkje vert innvilga. Dessutan har det sitjande bystyret allereie i 2008 sagt klårt ifrå om at dei heller vil satse på å styrkje sidemålsopplæringa i staden for å kutte ho ut eller gjere ho “valfri”. Dette veit Ødegaard. Kvifor lovar han veljarane sine noko han ikkje kan halde? Dette er populisme og ikkje praktisk og framtidsretta politikk.

Det vert ofte vist til resultata av det såkalla “Oslo-forsøket” der nokre vidaregåande skular i Oslo fekk fritak frå skriftleg sidemål. Dette forsøket er vorte kritisert, funna er ikkje eintydige og forskingsinstitusjonen som utførte evalueringa av forsøket, NIFU-step, sa sjølv at dei ikkje var kvalifiserte til det og åtvara mot at denne rapporten vart brukt politisk.

I 2008 gjorde bystyret i Oslo eit vedtak om å styrkje sidemålsopplæringa. Så går det sjølvsagt an å setje eit spørsmålsteikn ved kva Oslo kommune eigentleg har gjort dei siste fire åra for å gje sidemålsopplæringa eit løft. Svaret er: Dei har ikkje løfta ein finger.

5 thoughts on “Populisme frå Ødegaard

  1. Det er neimen ikkje rart me har politikarforakt her i landet, når lokalpolitikarar prøver å fiska røyster til lokalvalet ved å lokka med endring av nasjonal politikk. Som om det var Oslo kommune åleine som vedtok læreplanane her i landet.

  2. Oslo har i dag mange elver som er fritatt fra sidemålsundervisning fordi de er fremmedspråklige eller har dysleksi. Videre krever det å lære seg et språk hardt arbeide og alle som har nynorsk som hovedmål forstår mitt morsmål som er bokmål. Derfor er det ingen grunn til å lære seg nynorsk, men man bør heller sette inn krefter på lære seg andre språk som for eks kinesisk i tillegg til engelsk.

  3. Tre raske spørsmål i retur:

    1. Kva har fritakselevane med saka å gjera? Enkelte elevar har fritak frå ulike delar av enkelte fag, fordi dei har dokumentert grunnlag for det, og slik må det vera. Men det er ingen som krev valfri kroppsøving berre fordi det finst elevar som slepp pga. helsetilstand.

    2. Alle som har nynorsk som hovudmål forstår deg, Knut, men forstår du alle som har nynorsk som hovudmål? Og dersom du gjer det, trur du alle andre bokmålsungar som har vakse opp i bokmålsdominerte lokalsamfunn skjønar kva heilt normale nynorskord som «tilhøve», «røynsle» eller «løyndom» tyder?

    3. Kor mykje kinesisk trur du at du hadde lært av å ha éin undervisningstime annakvar veke frå 9. klasse av? Dét er mengda med sidemålsopplæring som svært mange elevar i Noreg får. Då vert det litt søkt å framstilla det som om det hadde vore mogleg å «byta ut» sidemål med eit framandspråk.

  4. Det er mange som ikke ikke har nynorsk pga av enten dysleksi eller fordi de er fremmed språkelige. Det er også mange svake elver på vidergående som slitter med morsmålet. Hvorfor skal de ha et fremmed språk ligner på morsmålet som max 10 % av norges beflokning bruker i tilegg til andre viktigere fag. Hvis nynorsk er så viktig så kan man ha et språk kurs hvis man begynner i staten ellers så er det ingen som trenger det.

  5. Tor: Dei som kan dokumentera behov for det, får fritak. Kvifor skal då alle andre, som IKKJE har behov for det, få det same fritaket? Det blir som om alle elevane i ein skuleklasse skulle gipsast på føtene fordi to elevar i klasse braut beinet.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *