Som eit lite avbrekk opp ei all sidemålsviraken presenterer me andre del i oppladingsserien av biletblogging fram mot den makelause jubileumssumarleiren på Vinstra 5.-10. juli som du berre MÅ melda deg på med det absolutt aller fyrste. Som sist er det bilete frå tidlegare sumarleirar som er tingen, og me byter motiv frå fotballturnering til logistikk. Leigebilane me ordnar oss til ulike tilskipingar er ofte av verneverdig karakter, og det museale klimakset kjem til vanleg nettopp på sumarleirane. Lat oss mimra litt tilbake til sumarleiren i Arendal i 2010, og den … unike … doningen som etter kort tid vart oppkalla etter den velkjende atomubåten Kursk:
Og der var det klart: Den segnomsuste doningen på biletet over er klar til dyst for sumarleir også i år – og då er jubileumssumarleiren endå ein attraksjon rikare!
Åwow! Eg gler meg hakk i hel! <3!
Og eg kjem springande etter, glugg i hæl.