Til lukke med samefolkets dag!

Dagen er offesiel flaggdag i Noreg. Alle offentlege bygg skal flagge med det norske flagg. Her på kontoret har me feiring av samanes nasjonaldag. I år er det 20 år sidan dagen fyrst vart feira. Dagen er felles nasjonaldag for alle samar i Noreg, Finland, Sverige og Russland. Me har pynta kontoret og arbeiderane. Dagen er, sjølvsagt, samisk flaggdag, til minne om det fyrste samiske fellesmøtet i Trondheim 6. februar 1917. Dagen er òg offisiell flaggdag i Noreg. Alle offentlege bygg skal flagge med det norske flagg. Det samiske flagget, er i følge Wikipedia, valfritt. Dette tykkjer eg er litt rart, sidan det trass alt er samanes nasjonaldag! Det er slik i Noreg at ein Vebjørn med si fine "same-same, but different" t-skjorte.ikkje kan heise eit «framand lands» flagg åleine, det må stå att med det norske. Då kan ein spørje seg om sameflagget er eit «framand lands» flagg. Det meiner ikkje eg. Me seier uansett

– til lukke med dagen!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *