Ny epoke, – målferd er starten

 

Det er vel på tide at bloggen vert litt oppdatert!

No har sentralstyret(SST) vore på målferdsrunde 1 av 2 i haust. Det heile vart gjennomført med brast og bram for å nytte orda til Karl Peder. Til saman var me innom 15 skular den veka. På Kvitunds gymnas praktiserar dei likestilling mellom nynorsk og bokmål mellom anna i morgonbønen. Det er ganske kult at dei klarar det på ein skule der det er blanda om elevane har nynorsk eller bokmål som hovudmål. Og ikkje minst er det viktig!

Det varmar eit nynorsk<3

Noko av det kulaste med målferd er at me får sjå nye stader i Noreg.

Som Sundkil bro i Kviteseid, som var ein del av riksveg 41 fram til 2003. Då kom Kviteseid bru. Me gler oss til målferdsrunde 2/2!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *