Sentralstyret på aksjon og målferd i Øystese

I dag er det nøyaktig 40 år sia dei første store elevstreikane for nynorske læremiddel vart sparka i gang på Øystese i Hardanger.

Difor var sentralstyret i Norsk Målungdom på jubileumsaksjon og -målferd på Øystese gymnas i dag. Her kan du sjå nokre bilete frå dagen:
CIMG2101
Feiring: Utstyrt med jakkemerke og godteri stilte me oss opp i kantina.
CIMG2125
Målferd: Vebjørn spreier den gode bodskapen til ein noko trøytt påbygg-klasse.
CIMG2138
Gruppebilete: Sentralstyret i nye genserar frå Øystese gymnas
CIMG2138
Snik-nynorskifisering: Eva snik inn litt nynorsk i dei elles så nynorskfrie vekeblada.
CIMG2147
…og litt flygeblad i hylla for ballholm

This entry was posted in Ukategorisert by Tone. Bookmark the permalink.

About Tone

Sentralstyremedlem i Norsk Målungdom og økonomiansvarleg i Asker og Bærum Målungdom. Tidlegare skrivar og aktiv i studentmållaga i Nidaros og Oslo. Studerer arabisk og fransk på Universitetet i Oslo.

One thought on “Sentralstyret på aksjon og målferd i Øystese

  1. hei der, kjekt med besøk igjen frå deko. me er æra over at de starta her, med den historiske bakgrunnen. de engasjerte, og sjølv om ein av bilettekstane gjekk på “noko trøytte” om påbygg. vel – elevane hadde hatt 8 timar norsk før det, sidan fredagen er ein såkalla fagdag, i norsk denne gong….. men som ein appetittkveikjar rundt språkhistoria seinare trur eg det funka supert. no håper eg berre at hestebiletet kjem på rett plass på sida her, sidan de blei utstyrte med gensrar frå øystese gymnas. hesten er forresten kunstna av ellen bang. og ikkje uventa heiter volleyballaget, i noregstoppen gjennom fleire år, rossvoll, etter gamalnorsk, hesteplassen.
    me er stolte av skulen vår! velkomen attende.
    Randi Hjemlestad, norsklærar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *